Hopp til innhold

Nedlagt tunnel i Rauma skal gjere oss tryggare mot brann

Takka vere omfattande branntestar i den nedlagde Runehamartunnelen, har norske tunnelar vorte tryggare.

Tunnelbrann
Foto: Molde Brann- og redningsvesen

Fleire hundre meter inn i den nedlagde Runehamartunnelen ved Innfjorden i Rauma kryr det av brannmannskap med hjelmar og sløkkeutstyr. Ein personbil står i brann og då trengst det røykdykkarar.

Få har opplevd tunnelbrann

Ivar Eidem

Idar Eidem, overbrannmeister ved Molde brannstasjon

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

-Det er svært få brannfolk som har opplevd ein reell tunnelbrann, og difor er dette viktig erfaring, seier Idar Eidem i Molde brannvesen.

I to dagar har det vore seminar om tunneltryggleik i Rauma. Seminaret er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Molde brannvesen. I tillegg til brannmannskap, deltek også politi og folk frå Statens Vegvesen frå alle delar av landet.

Berre tre testtunnelar i Europa

Dei praktiske øvingane føregår i den nedlagde Runehamartunnelen ved Veblungsnes i Rauma. Sidan 2003 har den 1,6 km lange tunnelen vore brukt som testtunnel og er ein av tre i Europa som er eigna til slik brannforsking.

Øving i Runehamartunnelen

Øving på tunnelbrann i Runehamartunnelen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Vi er ein stor tunnelaktør, og treng å få prøve ut materiale og løysingar gjennom slike forsøk, seier Harald Buvik. Han er senioringeniør ved Vegdirektoratet i Molde, og var den som tok initiativet til å ta den gamle tunnelen i bruk.

Tryggare tunnelar

Harald Buvik

Senioringeniør Harald Buvik i Vegdirektoratet

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Takka vere slike omfattande branntestar har norske tunnelar vorte tryggare, meiner Buvik. Det meiner også overbrannmeister Eidem.

-Slike øvingar bidrar til at brannmannskap får ei aha-oppleving. Vi skal ha respekt for tunnelbrann, men det treng ikkje alltid vere så ille som vi trur, seier Eidem,

Ikkje kurs berre for leiinga

Ole Chr. Torgalsbøen

Seksjonsleder Ole Chr. Torgalsbøen i Statens vegvesen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Seminaret er ikkje eit kurs berre for sjefar, men for dei som skal ut og gjere jobben. Ole Christian Torgalsbøen i Statens vegvesen
seier at tidlegare var det berre politi og brannfolk på leiarnivå som vart kursa.

-Det er ikkje brannsjefen som skal inn i tunnelen og drive sløkkingsarbeid. No skal brannmannskapet få kunnskap og kompetansen dei treng, seier Torgalsbøen i Statens vegvesen

Testbrann i Runehamartunnelen

Testbrann av personbil i Runehamartunnelen

Foto: Molde Brann- og redningstjeneste

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL