Hopp til innhold

Kva gjer du i ein tunnelbrann

Kom deg unna røyken er første prioritet i ein tunnelbrann. Å sitje i bilen er ikkje ei god løysing, seier tunnelbrannekspert.

Brann i Oslofjordtunnelen

Brann i eit vogntog i Oslofjordtunnelen torsdag førte til at 34 personar vart evakuerte.

Foto: Edgar Dehli / Scanpix

Evakuerte Oslofjordtunnelen

Brannen i Oslofjordtunnelen torsdag førte til at fleire måtte evakuerast.

Foto: Tipser
Flere ble evakuert etter brannen i Oslofjordtunnelen

Nokre av dei 34 personane som vart evakuert etter tunnelbrannen torsdag.

Foto: Edgar Dehli / Scanpix

Brannen i eit vogntog i Oslofjordtunnelen kunne ha gått mykje verre for personane som vart fanga inne i tunnelen under brannen. Dei fleste av dei kom seg ut ved eiga hjelp.

Men veit vi eigentleg kva vi skal gjere om vi kjem ut for brann i ein tunnel?

Kom deg ut av røyken

– Vi har ikkje klare råd for kva ein skal gjere i tunnelbrannar fordi det er så stor skilnad på tunnelane i Noreg, seier tunnelbrannspesialist Kristen Opstad frå brannsikkerheitsfirmaet ComputIT til NRK.no.

–Men det som er heilt sentralt er å komme seg ut av røyken, seier Opstad.

I ein toløpstunnel er det eigne rømningsvegar, men i tunnelar med berre eitt løp må du gå mot utgangen i motsatt retning av den vegen røyken går.

Ved brann i ein tunnel skal du køyre bilen inn til sida, og forlate den umiddelbart, er rådet frå If skadeforsikring. Så må du rømme ut av tunnelen så raskt du kan. Sjå etter eventuelle rømningsvegar.

I Noreg er nesten alle tunnelar utstyrt med brannventilasjon som har ekstra kapasitet på ventilasjonen i tilfelle ein brann. Ved ein brann vil brannventilasjonen sørgje for at røyken berre går i ein retning.

Kva for ei retning dette vil bli, er derimot vanskeleg å seie på førehand, men det er enten i same køyreretning eller i motsett køyreretning.

Difor må du sjå kva veg røyken går, og prøve å komme deg unna den.

– Dersom du er i nærleiken av brannen, og har komme på feil side av røykretninga skal du prøve å gå forbi brannen og komme klar av røyken. Det å bli sitjande i bilen er ikkje ei god løysing, fortel Opstad.

I tillegg kan det hjelpe å halde seg langs vegbanen då konsentrasjonen av røyk kan vere lågare der.

– All brannrøyk er giftig og farleg, sjølv om det er konsentrasjonen av røyken som avgjer om det blir kritisk. Det er skilnad på ein brennande personbil og eit vogntog, seier Opstad.

Helling i tunnelen betyr ingenting

– Dersom det oppstår brann i ein hellande tunnel, gjeld det akkurat den same regelen, fortel Opstad. Du må altså følgje med på røykretninga i kvart tilfelle.

Sjølv om oppdrift normalt vil få røyken til å stige oppover, har ein ingen garanti for at det vil bli slik i ein tunnelbrann.

– Røyken kan faktisk også drive nedover, fortel Opstad. Det viktigaste er å observere kva retning røyken går i kvart enkelt tilfelle. Røykretning er det viktigaste, gjentar Opstad.

Altså finst det ingen generell regel om at du bør gå nedover ved brann i ein hellande tunnel.

Men gå mot ventilasjonsretninga viss det kan hjelpe deg å komme forbi brannen.


Toløpstunnel er best

Trailer som begynte å brenne i Oslofjordtunnel

Det var denne traileren med returpapir som var opphav til brannen i Oslofjordtunnelen torsdag.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Den beste løysinga når det gjeld brannsikkerheit i tunnelar er tunnelar med berre ei køyreretning, slik at møtande trafikk går i eit eige løp, seier Opstad.

I ein toløpstunnel går ventilasjonen alltid i same retning som trafikken. Dersom du hamnar bak ein brennande bil i ein toløpstunnel er du altså trygg fordi røyken vil bli ventilert bort frå deg.

Om du skulle vere framfor den brennande bilen, er du også utanfor fare fordi vil du rekke å køyre ut før røyken når deg.

I Noreg har vi berre tunnelar med toløp på strekningar med høg trafikkmengde rundt dei største byane i landet.

5 råd

Samanfatta er altså dette dei beste råda om du skulle komme ut for brann i ein tunnel:

  • Køyr til sida og forlat bilen.
  • Sjå etter rømningvegar.
  • Observer kva retning røyken bles i, og røm ut av tunnelen i motsatt retning.
  • Er du på feil side av brannen i høve til røykretning, prøv å passere brannstaden og komme på riktig side. Forlat området så raskt som mogleg og kom deg ut. Brannen kan raskt endre karakter.
  • Er du fanga av røyken, legg deg ned på sida av vegbanen og ring etter hjelp som ein siste utveg. Bruk gjerne nødtelefon i tunnelen. Den gir Vegtrafikksentralen informasjon om kvar du er.