Hopp til innhold

Trur ikkje på raudt nivå i dag

Det siste døgnet har det vore oransje farenivå ved det rasutsette fjellpartiet Mannen. Det vil seie nivået før raudt og dermed evakuering. Men det er ikkje noko som tyder på at det blir raudt nivå i dag. Det fortel geolog i NVE, Einar Anda, til NRK. – Vi ser det litt an. Det er meldt mildvêr til helga og deretter kaldare neste veke, forklarer Anda. Døgnhastigheita i øvre del av fjellet er no 10 centimeter i døgnet, medan hastigheita i nedre del er to centimeter.

Einar Anda
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL