– Truleg var det ei ulukke, seier etterforskningsleiar Kjell O. Moen til TV 2.
Politiet har heile tida sagt at saka kunne få tre utfall. Anten at det var ei kriminell handling, ei ulukke eller eit sjølvdrap. Framleis vil dei halde alle moglegheiter opne, presiserer etterforskingsleiaren til Romsdals Budstikke.
Den døde vil verte obdusert tysdag slik at ein får vite dødsårsaka.
Nordmøre og Romsdal politidistrikt vart søndag varsla om at ein
livlaus person var funnen i Moldeelva. Den døde er identifisert som 22 år gamle Mats Karlsen Amundsgård, som spelte fotball for 2. divisjonsklubben Træff.
Politiets teori er at Amundsgård skal ha vore ute på byen saman
med vener før han drog til ei privat adresse. Politiet trur 22-åringen forlet staden ved 6-tida søndag morgon og gjekk heimover, skriv Romsdals Budstikke.
Politiet har gått ut og etterlyst vitner som kan ha sett mannen etter klokka 06.