Hopp til innhold

Klubbkameratar samla for å minnast Mats

I kveld er Træffspelarane samla til minnestund etter at lagkamerat Mats Karlsen Amundsgård vart funnen død i går.

Tina Veitsle Skarpsno

Styreleiar i Træff, Tina Skarpsno, seier at spelerane på laget har tatt dødsfallet svært tungt.

Foto: Roar Strøm / NRK

Minnestund i Molde

Mange har lagt att ei siste helsing på rekkverket ved Moldeelva.

Foto: Roar Strøm / NRK

Søndag vart fotballspelar Mats Karlsen Amundsgård funnen død i Moldeelva og politiet etterforskar saka som eit mistenkeleg dødsfall. For lagkameratane i Træff har det vore eit uverkeleg døgn. I kveld er dei samla på Træffhuset, der også politiet og kriseteamet i kommunen er til stades.

Tar dødsfallet tungt

– Det er eit sjokk og alle treng å vere saman for å støtte kvarandre, seier Tina Skarpsno.

Ho er styreleiar i Træff. Lagkameratane tar dødsfallet svært tungt og heile klubben er påverka av det som har skjedd. Under minneseremonien i kveld vil politiet fortelje meir om det dei veit. Hovudtrenaren frå A-laget vil også seie nokre ord på vegner av klubben.

Sist sett søndag morgon

Mats Karlsen Amundsgård

Mats Karlsen Amundsgård vart sist sett søndag morgon klokka 06.00.

Foto: Per Tormod Nilsen

I dag fortalde politiet at 22-åringen sist vart sett ved ein privatbustad klokka 06.00 søndag morgon. Dei vil gjerne kome i kontakt med vitne som har sett Amundsgård etter dette tidspunktet. Amundsgård hadde vore på bortekamp saman med laget sitt laurdag. Spelarane og trenarane var tilbake i Molde i 20-tida laurdag kveld og etter det såg dei han ikkje.

Politiet seier at saka har tre moglege utgangar. Det kan dreie seg om ei kriminell handling, ei ulukke eller sjølvdrap.

Står samla

Idrettslaget er bestemt på at dei skal stå samla og kome seg gjennom det vonde. Mest truleg vil dei ha opne dører dei neste dagane for å ha eit tilbod til spelarane.

– Dette er ein prosess som treng bearbeiding. Vi trudde aldri noko slikt kunne skje, seier Skarpsno.

Politiet etterlyser tips etter at Mats Karlsen Amundsgård blei funnen død i Molde i går formiddag. Politiet veit ikkje kva som har skjedd med den 22 år gamle fotballspelaren, som blei funnen død i Moldeelva...

Politiet ber vitner som kan ha sett Mats Karlsen Amundsgård etter klokka 06.00 søndag om å melde seg.