Hopp til innhold

Stein trefte bil – Trollstigen blir stengt i fleire dagar

Ein stein trefte ein bil på turistvegen Trollstigen i Rauma måndag morgon. Berre dagar etter sesongopning er vegen no stengd. Ny vurdering blir tatt torsdag.

Trollstigen

TROLLSTIGEN: Denne populære turistvegen blir stengt i fleire dagar.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Ein stein rasa måndag morgon nedover fjellsida ved Trollstigen og trefte ein bil.

Brynjulv Eide i Møre og Romsdal fylkeskommune seier steinen trefte bilen til ein entreprenør som var der for å sjekke området.

Det kom ned ein stein som kom inn passasjervindauget og hamna i passasjersetet. Han var åleine i bilen så det gjekk bra med han.

Ein stein trefte ein bil på Trollstigen 17. juni 2024. Bildet viser steinen som har knust ruta på bilen på passasjersida.

Steinen knuste ruta på bilen, og hamna i setet på passasjersida.

Foto: Veidekke

Etter ei ny vurdering måndag ettermiddag vart det avgjort at vegen blir stengt i ei lengre periode.

– Trollstigen blir stengt i alle fall fram til torsdag klokka 13. Då vil vi ta ei ny vurdering, seier Brynjulv Eide, leiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, til NTB.

Grundige vurderingar

Det var lenge usikkert kva tid den nasjonale turistvegen med dei mektige hårnålsvingane kunne opne for sesongen i år.

Grundige risikovurderingar måtte til for å finne ut kva tid det var trygt nok for turistane å kome.

Då bommen endeleg blei opna i starten av juni, blei det varsla at vegen kunne bli stengt på kort varsel på grunn av høg rasfare.

Berre ti dagar seinare har altså steinar rasa ned i vegbana, og Trollstigen er stengd igjen.

Trollstigen stengt

Trollstigen blei stengd måndag då eit steinsprang rasa nedover fjellsida og trefte ein bil.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fleire ras

Om lag ein million turistar besøker vegen kvart år. Vegstrekninga er eit av Noregs mest besøkte reisemål.

Men det har gått fleire ras over vegen dei siste åra. Like før sesongopninga for to år sidan gjekk eit stor snøras, som stengde vegen og fylte kafebygget med snø.

Då vegen blei opna etter vekevis med snømåking i fjor, sa fylkeskommunen at det hasta å sikre vegen mot ras.

Seinare same sommaren vart motorsyklistar treft av steinar som rasa ned frå fjellsida.

Bad om hastemøte

Førre veke bad Møre og Romsdal fylkeskommune om eit hastemøte med samferdselsministeren og næringsministeren om Trollstigen.

Fylket meiner nok ein gong at den nasjonale turistvegen må sikrast mot ras. Dei har no sett i gang eit prosjekt der dei mellom anna skal betre tryggleiken til dei som ferdast langs vegen.

Prosjektet skal vere ferdig planlagt i løpet av hausten 2024. Men fylkeskommunen manglar pengar til å gjennomføre prosjektet sjølve. Det er dette dei no bed staten om å hjelpe dei med.

Steinras i Trollstigen 27.04.24

Slik såg det ut på Trollstigen i slutten av april.

Foto: Dag Christian Ugseth / Møre og Romsdal fylkeskommune