Hopp til innhold

Bed staten hjelpe med rassikring av Trollstigen

Møre og Romsdal fylkeskommune bed om hastemøte med samferdselsminister og næringsministeren. Den spektakulære Trollstigen må rassikrast, men fylkeskommunen manglar pengar.

Steinras i Trollstigen 27.04.24

I april i år blei Trollstigen på nytt rasert av steinras.

Foto: Dag Christian Ugseth / Møre og Romsdal fylkeskommune

Årleg besøkjer om lag 1 million turistar Trollstigen. Denne spektakulære vegstrekningar er eit av Noregs mest besøkte reisemål.

Men dei siste åra har steinskred frå dei stupbratte fjella gjort vegen utrygg. I lange periodar har vegen vore stengd.

No skal vegen rassikrast. Det kan bli eit omfattande prosjekt. Og Møre og Romsdal fylkeskommune meiner dei manglar pengar og bed Staten om hjelp.

Hans Olav Myklebust (Frp) skal lede samferdselsutvalget i Møre og Romsdal 2019-2023.

Hans Olav Myklebust er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Situasjonen for Trollstigen er kritisk og mykje meir utfordrande enn tidlegare. No blir her ei vurdering av balansen mellom tryggleik for liv og helse og reiselivet og Noreg som turistdestinasjon, seier leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Hans Olav Myklebust (Frp).

Mange skred siste åra

Vinteren 2022 blei Trollstigen råka av kraftige snøskred. Kafebygninga på Trollstigplatået blei rasert og blei ute i drift både i 2022 og 2023. Også i dei påfølgjande åra, seinast denne vinteren, har det gått store snø- og steinskred som har øydelagt vegbana.

I august 2023 trefte eit steinskred motorsyklistar som var på veg opp Trollstigen.

Nasjonal turistveg

Trollstigen er ein av totalt 18 nasjonale turistvegar i Noreg. Dette er vegar med unike naturkvalitetar, langs kyst og fjordar, over fjell og ved fossar. Strekningane skal vere alternativ til hovudvegane og køyreturen skal vere ei oppleving i seg sjølv.

Slik er det definitivt i den smale, bratte og svingete Trollstigen, som slyngar seg frå nesten havnivå til meir enn tusen meter over havet. Vegen brukar å vere stengd om vinteren, men opnar gjerne i månadsskiftet mai/juni.

Gjennom prosjektet Nasjonale turistvegar er det investert store summar i utsiktspunkt, vandrestiar, kafebygg og toalettfasilitetar langs vegen. Denne vegen strekkjer seg frå sjølve Trollstigen i Rauma, via Gudbrandsjuvet i Valldal, ferjestrekninga Linge-Eidsdal, Ørnesvingen, og Geiranger med Flydalsjuvet.

Les også Nå åpner hele Trollstigen, men veien kan bli stengt på kort varsel

TROLLSTIGEN

– For stor oppgåve for fylket

Trollstigen spelar ei viss rolle i den lokale trafikken. Men som vinterstengd veg er det i reiselivssamanheng vegen har aller størst betydning. Og vegen gjev ringverknader til ein stor del av reiselivsnæringa i Noreg.

– Det er ikkje tvil om at Trollstigen er ein av dei viktige attraksjonane i Noreg, og bidreg til at utanlandske turistar besøker landet, og for å oppleve denne spektakulære vegstrekninga. I tillegg til nordmenn som ferierer i eige land, seier Hans Olav Myklebust.

Les også Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Omfattande rassikringsprosjekt

Møre og Romsdal fylke set no i gang eit prosjekt der ein både skal ta vare på dei reiselivsmessige kvalitetane i Trollstigen samtidig som tryggleiken til dei vegfarande skal takast vare på.

Prosjektet skal vere ferdig planlagt i løpet av hausten 2024.

Det er dette fylkeskommunen no bed Staten hjelpe til med.

– Det er ikkje midlar i fylkeskommunen til å gjennomføre nødvendige sikringstiltak. Eg ber difor om eit hastemøte med statsrådane for å avklare kva moglegheiter der kan vere for at staten kan bidra til sikring av Trollstigen spesielt, og sikre nasjonale og regionale interesser generelt, seier Hans Olav Myklebust.

NRK arbeider med å innhente kommentar frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og næringsminister Cecilie Myrseth. Førebels er svaret frå dei to departementa at dei enno ikkje har motteke brevet frå Møre og Romsdal fylkeskommune, men at dei vil vurdere dette når saka har kome fram.

Trollstigen kafé truffet av snøras

2022: Snøras har fylt kafebygget på Trollstigen