Hopp til innhold

Det er framleis usikkert når Trollstigen kan opne

Dei spesielle forholda i Trollstigen gjer at det er stor usikkerheit knytt til når heile den populære turistvegen kan opne.

Trollstigen

TROLLSTIGEN: Turistvegen blir besøkt av store mengder turistar kvart år. Det er framleis usikkert når heile Trollstigen-vegen kan opne.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi må gjere fleire risikovurderingar og bli ferdige med dei vi held på med. Dette er viktig for å vareta trafikksikkerheita til dei som ferdast der og jobbar der, seier Ole Jan Tønnesen til NRK.

Han er fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Kan det skje at heile Trollstigen ikkje blir opna i år?

– Det spørsmålet må vi ta etter at vi har gjort risikovurderingane. Då veit vi kva den faktiske risikoen i Trollstigen er. Omsynet til liv og helse er viktigast.

Stor usikkerheit

Torsdag 16. mai blei delar av Trollstigen-vegen opna. Då blei vegen mellom Valldal og Trollstigplatået opna for trafikk. Det er mange år sidan denne delen av vegen blei opna først, og ikkje heile strekninga.

Sidan har det vore uvisst når resten av Trollstigen kan opne. Det er spesielt situasjon og stabiliteten i Kjellstadlinja og fare for ras som har skapt usikkerheit.

Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

I slutten av april gjekk det eit steinras på Trollstigen.

– Vi har hatt eit stort skred på 2000 kubikkmeter. Det spesielle i år er at det har vore lite snø og mykje is, spesielt i Kjellstadlinja. Det har ført til mykje nedfall av stein, fortel Tønnesen.

Også tidlegare år har det vore fleire ras på Trollstigen. Mannskap frå fylkeskommunen opplever at steinnedfalla har blitt meir uoversiktleg enn før.

– Dei siste åra har vi opplevd at det er vanskeleg å føresjå når det rasar. Det rasar ikkje berre når det regner, men det rasar også når det er sol. Og det gjer det meir krevjande for oss når det gjeld stenging og opning, seier Tønnesen.

– Er det ei vanskeleg vurdering?

– Ja. Det er store samfunnsinteresser knytt til dette, med næringslivet og mange aktørar, men vi må ha fokus på liv og helse.

Les også Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tek ei ny vurdering 6. juni

Trollstigen er fjellovergangen på fylkesveg 63 mellom kommunane Rauma og Fjord.

Dette er ein av dei mest populære turistvegane i landet. I 2019 var det over 1,1 million besøkande der.

Tønnesen seier at tryggleiken til trafikantane er den viktigaste prioriteten.

Vi vil vere trygge på både forholda og våre eigne vurderingar før vi set trafikk på vegen. På grunn av dei spesielle forholda vi har hatt i Trollstigen i år, så treng vi litt meir tid på risikovurderinga, seier han.

Dei vil ta ei ny avgjerd om vegen kan opne 6. juni.

Les også Er redd det skal gå fleire ras på den ikoniske turistvegen

Trollstigen åpning 2023

Ber folk halde seg unna området

Sjølve Trollstigen er rydda og klar for opning. Tønnesen opplyser at det er risikovurderinga knytt til steinnedfall som gjer at dei treng meir tid.

Fylkeskommunen oppmodar likveke folk om å ikkje ferdast i området før vegen opnar.

Så lenge vegen er stengt meiner vi at folk ikkje skal ferdast i området. Vi håpar dette blir respektert, seier Tønnesen.

Les også Lange køar då Trollstigen opna – Ewen får truleg følgje av ein million turistar i sommar

Ewen Lecomte

Håper vegen kan opne snart

Edmund Meyer, driv kafeen på Trollstigen og Trollstigen gjestegard. Han ser fram til at heile vegstrekninga kan opne og håper det skjer snart.

Meyer seier at han taper inntekter på at vegen er stengt.

Han meiner det er viktig at det kjem pengar til rassikring.

– Det er viktig at nokon vaknar. Dette er ein Nasjonal turistveg, seier Meyer.

Edmund Meyer

Edmund Meyer håper heile Trollstigen kan opne snart.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK