Tresfjordbrua blir bompengefri

Pengeinnkreving til bompengeprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen blir avslutta førstkomande fredag klokka 12.

I statsbudsjettet blei det gitt 400 millionar kroner i tilskot til prosjektet, som dermed er ferdig finansiert.

Prosjektet på europavegen i Vestnes og Rauma har resultert i ein tryggare og raskare veg.

– Dette er gode nyheiter for bilistane. Med bompengeinntektene og det ekstra tilskotet er dette prosjektet no ferdig nedbetalt, seier Marius Maske, administrerande direktør i Vegamot.

Tresfjordbrua
Foto: Tore Ellingseter / NRK