Hopp til innhold

Arkitekt i Ålesund: – Dette er for svakt

For å skape folkeliv på torget i Ålesund har private aktørar tatt initiativ til å lage ein «torghage», i samarbeid med kommunen. Arkitekt Margarida Pais meiner prosjektet ikkje held mål.

Torghagen på Kiperviktorget i Ålesund

Torghagen er namnet på dette prosjektet som skal stå til september på Kiperviktorget. Ikkje alle er like begeistra.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kiperviktoget i Ålesund krydde av folk i gamle dagar, men har dei siste åra stått tomt, med unntak av nokre boder og uteservering. No har firmaet Bypatrioten, med støtte frå andre næringslivsaktørar, tatt initiativ til å lage sitteplassar og blomsterkasser på torget, for å gjere det meir innbydande å sette seg ned.

Laurdag var det offisiell opning av «Torghagen», som etter oppslag i Sunnmørsposten har skapt stor debatt. Der kritiserte arkitekt Margarida Pais prosjektet, som kostar 300.000 kroner og har blitt leia av Ålesund kommune og initiativtakaren.

– Eg ynskjer at Ålesund skal bli ein meir attraktiv by å bu i. Eg blir sint på Ålesund sine vegner over at dette ikkje har blitt betre, seier Pais til NRK.

Margarida Pais

Arkitekt Margarida Pais er skuffa over Torghagen og meiner det manglar fagleg styrke og ambisjonar.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Manglar visjon

Ho er opptatt av gode byrom, og er ikkje imponert over trebenkane, pallane med kunstgras og blomsterbed. Arkitekten meiner at når det er brukt så mykje pengar på prosjektet, burde kommunen ha brukt profesjonelle til å tenke heiltheiltleg og hatt større visjonar. Torghagen skal stå fram til september og arkitekten meiner at det i seg sjølv er ein god grunn til at konseptet skulle ha kome tydelegare fram.

– Prosjektet manglar ein klar identitet og det verkar ikkje som det er folk med fagleg bakgrunn som har jobba med dette, seier Pais. Ho kritiserer ikkje dei private sitt engasjement, men meiner at utvikling av ein byrå ikkje kan baserast på entusiasme åleine.

Terje Brattholm Eidsvik

Terje Brattholm Eidsvik i Ålesund kommune, seier at dei ikkje har pengar til ein arkitenktkonkurranse

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Skal teste prosjektet

Terje Brattholm Eidsvik er arkitekt i Ålesund kommune og han forstår den faglege kritikken frå Pais, men meiner at det viktigaste no er å teste om folk brukar torget.

– Eg er ikkje usamd i at vi bør ha ambisjonar, men arkitekten bommar på utgangspunktet vårt. Dette er ein test på eit tomt torg, der vi stykker opp området med lune krokar der folk kan sette seg ned, seier Eidsvik. Han seier at kommunen ikkje har midlar til å lyse ut ein arkitektkonkurranse.

Bra med diskusjon

Trine Klemetsen

Trine Klemetsen er dagleg leiar i Bypatrioten. Det var dei som tok initiativet til Torghagen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Trine Klemetsen i Bypatrioten står bak ideen til Torghagen og har samla inn pengane. Kommunen har bidratt med arbeidstimar.

Klemetsen synest det er bra med ein diskusjon om bruken av torget.

– Ei av målsetningane med heile prosjektet var å sette Kiperviktorget på kartet. Det er ein stad mange er glad i og no skjer det endeleg noko der, seier Klemetsen.

Elisabeth Helland Larsen er på torget saman med barna sine. Ho likar det ho ser.

– Eg synest at alt initiativ som er kreativt og som gangar folkelivet, er positivt, seier Larsen.

Torghagen i Ålesund

Folk får utdelt brikkar til spela på ein kafe like ved.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK