Hopp til innhold

Treng frivillege som kan undervise asylsøkarar

Volsdalen statlege mottak i Ålesund ønskjer kontakt med frivillige som kan undervise asylsøkarane i sommar.

Volsdalen asylmottak
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mottaket på Volsdalsberga i Ålesund opna 1. mai og har plass til 240 bebuarar. Så langt har 100 personar flytta inn. Den offentlege norskundervisninga startar ikkje før til hausten og no etterlyer mottaket frivillige som tenkje seg å undervise i sommar.

– Bebuarane ynskjer seg norskundervisning. Mange kjem frå andre nedlagte mottak og der har dei god erfaring med at pensjonerte lærarar har hjulpe dei, seier mottaksleiar Peter Vonstad.

Asylsøkjarane vil mest av alt lære språket dei har bruk for i daglegtalen, for å bli betre integrerte i nabolaget. Vonstad håper å få til eit tilbod i Ålesund og treng to-tre lærarar i første omgang. Arbeidet er ikkje betalt og baserer seg på at nokon kan bruke nokre timar av fritida si.

– På den måten blir bebuarane i stand til å snakke om enkle ting med naboar og i miljøet elles, seier Vonstad.

Han trur det er ein fordel å starte norskundervisninga så raskt som mogleg. Det er Ålesund kommune som står for den offentlege undervisninga. Den tar til når skulane elles startar til hausten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL