Hopp til innhold

Trekkjer tilbake faktura

Ålesund kommune trekkjer tilbake faktura for kommunale avgifter og gebyr som har forfall 20. april, opplyser dei på sine nettsider. Årsaka er feil i fakturagrunnlaget. Det har vore mange klager på fakturaen som kom etter kommunesamanslåinga, og no gjer kommunen nye berekningar. Dei vil legge fram nytt forslag til gebyrregulativ som kommunestyret kan vedta 7. mai. – Administrasjonen i Ålesund kommune har i ein etterkontroll av kommunale avgifter oppdaga feil i fakturagrunnlaget som har ført til at abonnentane har fått for høge gebyrsatsar for vatn og avløp, seier verksemdleiar Jesper Sode Hansen. Han seier det er for tidleg å svare på kor store summar det er snakk om. Eit eksternt konsulentselskap har gjort arbeidet for kommunen, og dei arbeider no med å finne ut kva som gjekk gale. – Det veit vi truleg i løpet av fredag, seier Hansen. Han oppmodar folk til å klage om dei meiner dei har fått feil gebyr. – Vi har samanfatta system frå fem ulike kommunar, så det er viktig at vi no får luka ut feil, seier han. Endring av gebyrregulativet vil ikkje føre til endring av reglane om at alle bueiningar får kvar sitt gebyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL