Hopp til innhold

Trekkjer søksmål

Hurtigruten trekkjer søksmålet mot Ålesundregionens hamnevesen etter at dei stemna dei i fjor. Selskapet kravde endring i prisar og tilbakebetaling av fleire millionar kroner. Hurtigruten kom med liknande krav mot fleire hamner, og tapte saka dei hadde mot Bodø hamn i Høgsterett. Hamnesjef Ole Christian Fiskaa i Ålesund seier til Sunnmørsposten at dei er glad for at Hurtigruten har tatt til fornuft, og ventar no tilbakebetaling av sine utgifter.