Hopp til innhold

Tre søknader om asylmottak

Om knappe tre veker blir det klart om det blir etablert tre nye asylmottak her i fylket, opplyser Utlendingsdirektoratet.

Inngangsdør med UDI-logi

UDI har fått søknader om ordinære mottak i Kristiansund, Molde og Aukra.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Tre ulike driftsoperatørar har gitt inn tilbod om å opprette nye asylmottak i Molde, Aukra og Kristiansund. Til saman er det snakk om plass for inntil 425 asylsøkjarar.

– Dei første asylsøkarane kan vere på plass før sommarferien, seier kommunikasjonsrådgivar Tove Cecilie Fasting i UDI i Midt-Noreg.

UDI stiller krav

Tove Cecilie Fasting, UDI Midt-Norge

Tove Cecilie Fasting, UDI Midt-Norge

Foto: NRK

Men vilkåret er at søkarane innfrir fleire krav før dei eventuelt får ja til å starte asylmottak. Fasting seier det er andre krav til ordinære mottak, enn til akuttmottaka som nyleg blei avvikla.

– Det går på kompetanse, pris, bygningsmasse og andre krav som blir stilte til ordinære mottak.

Fristen for å søke om å bli ordinært tiltak gjekk ut måndag. Og då var det altså tre søknader frå Møre og Romsdal.

  • Hero har lagt inn tilbod om 150 nye plassar i Molde
  • Kristiansund Hotell ønskjer å etablere 125 plassar
  • Link tilbyr 150 plassar i Aukra

Heile søkarlista finn du på UDI sine nettsider.

På plass til sommaren

– Vi er glade for at det har kome så mange tilbod, og dersom alt går som planlagt blir det skrive kontraktar tidleg i mai, seier Fasting.

Berre nokre veker etter det kan asylsøkarane vere på plass.

Landet sett under eitt gav UDI 97 søknader frå både kommunar, organisasjonar og private. UDI treng til saman 10 000 plassar, men samla omfattar søknadene 15 600 plassar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL