Hopp til innhold

«Eg tykkjer faktisk det er bortimot ein hån mot halvparten av innbyggjarane»

Tidlegare Fjaler-ordførar Arve Helle meiner at å kalle den nye storkommunen for Sunnfjord er både ein hån og eit feigt val.

Arve Helle reagerer på kommunenamn

STERK REAKSJON: Tidlegare ordførar i Fjaler, Arve Helle, meiner at storkommunen stikk av med namnet Sunnfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I ettermiddag fortalde kommunalminister Jan Tore Sanner at namnet på den nye storkommunen blir Sunnfjord. Ein kommune som femnar om Førde, Jølster, Gaular og Naustdal. Ingen av dei andre Sunnfjord-kommunane er med.

– Eg tykkjer faktisk det er bortimot ein hån mot halvparten av innbyggjarane som trass alt bur i Sunnfjord utan å høyre til den nye kommunen. Dei stikk av med namnet, det reagerer eg veldig sterkt på.

Det seier den mangeårige ordføraren i Fjaler kommune, Arve Helle. Han bur sjølv i bygda Dale i Sunnfjord, som også er kommunesenteret i Fjaler – ein av kommunane som ikkje skal vere med i den nye storkommunen Sunnfjord.

– Det er litt feigt

– Eg trur dette vil svekkje identiteten vår. Litt spesielt for meg som bur i Dale i Sunnfjord. Det blir jo nesten litt komisk dersom bygda framleis skal heite det og kommunen vi ikkje er ein del av skal heite Sunnfjord, meiner Helle.

Han seier til NRK at han ikkje hadde trudd at det skulle skje at kommunalminister Jan Tore Sanner ville velje Sunnfjord som kommunenamn.

– Det er litt feigt når ein går vekk frå å løyse striden internt i den nye kommunen og så legg ein seg heller ut med alle oss andre i staden for, seier Helle.

Ordførar reagerer sterkt

I Flora kommune er reaksjonane også sterke på at nabokommunane får lov å kalle seg det som distriktet alltid har vore kalla.

Ordførar Ola Teigen (Ap) blei veldig overraska då han høyrde at Jan Tore Sanner gjekk for Sunnfjord som namn på storkommunen.

– Eg synest at namnet er litt uheldig. Vi spelte inn i vårt høyringssvar at Sunnfjord-namnet ikkje bør nyttast på berre halve Sunnfjord. Eg trur at eg snakkar på vegner av heile bystyret når eg seier at her har Sanner gjort eit uheldig vedtak.

Også den tidlegare ordføraren i Flora, Bengt Solheim-Olsen (H) er særs lite nøgd med det nye kommunenamnet.

– Eg må seie at eg blei veldig overraska. Protestane frå nabokommunane rundt har jo vore høglydte. Eg trudde dette var lagt daudt for lenge sidan. Dette blir jo som å frarøve florøværingane det å vere sunnfjording. Det er veldig rart, seier tidlegare Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) til NRK.

Frp-veteran positiv til namnet

Frp-politikar Frank Willy Djuvik meiner derimot at det ikkje er nokon grunn til å ause seg opp over at regjeringa no har bestemt seg for eit namn.

– Eg tykkjer det er eit veldig bra namn dei har valt for Sunnfjord kommune. Det at dei brukar namnet Sunnfjord om ein institusjon i Sunnfjord gjer jo ikkje at vi andre blir mindre sunnfjordingar, meiner Djuvik.

Statsråd Jan Tore Sanner håpar og trur at namnevalet vil gje naudsynt ro til å byggje den nye storkommunen.

– Eg håpar dette bidreg til ro kring prosessen sånn at kommunane kan konsentrere seg om å byggje gode tenester og lokalsamfunn for sine innbyggjarar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).