NRK Meny

Trafikkuhell i Rensvik

Det har skjedd eit trafikkuhell på fylkesveg 265 ved Rensvik i Kristiansund. Brannvesen og ambulanse er på staden, opplyser politiet. Ein bil har køyrt av vegen. Det var ein person i bilen, men politiet veit førebels ikkje om personen er skadd. Det er redusert framkomelegheit på staden.