Hopp til innhold

Totalskadd hus etter brann i Fræna

Ein person er innlagt på sjukehus etter ein brann i eit hus på Bud i Fræna natt til søndag. Huset er totalskadd etter brannen, som starta rundt klokka fire. Dei tre andre bebuarane i huset har vore til kontroll på sjukehuset. Brannvesenet driv no etterslokking.