– Barnehagane treng betre språkkompetanse

Dei manglar kunnskap og rettleiingar for fleirspråklege barn. Norske barnehagar etterlyser betre språkkompetanse hjå førskulelærarane.

Barn ved Kvennaneset barnehage i Ålesund

Alexander Knotten, Adrian Joensen, Aleksander Nogva og Regina Mørkøre har det kjekt medan dei er saman i skibanen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Eldrid Olsvik Howden

Eldrid Olsvik Howden er styrar ved Kvennaneset Barnehage i Ålesund kommune.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Randi Myklebust

Randi Myklebust er emneansvarleg for årsstudiumet «norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk» ved Høgskulen i Volda.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

I Kvennaneset barnehage i Ålesund er barna samla kring sklibanen. Barnehagen har mange barn med ulik kulturell bakgrunn, og er bevisst på korleis dei vil gje barna ei god språkopplæring.

Norske barnehagar ser ei auke av minoritetsspråklege barn, heile ti prosent av alle barnehagebarn er fleirspråklege.

– Utfordringa er å få nok kompetanse inn i barnehagelokala, fortel Randi Myklebust, lærar ved høgskulen i Volda.

Språkleg engasjement

På personalrommet ved Kvennaneset barnehage sit styraren, Eldrid Olsvik Howden.

Ho meiner at det er eit behov for meir ekspertise i barnehagane innanfor språkkompetanse, og at auka av to- og trespråklege barn gir utfordringar. Dei har funne løysingar for å gjere dette enklare.

Danne grunnlag

Med inspirerande ord fortel Howden om kva dei legg mest vekt på. Nemleg kommunikasjon, språk og tekst.

– Eit godt språk er grunnlaget for læring, kommunikasjon og samhandling. Det å legge eit godt grunnlag for å få utvikle språket sitt er det viktigaste av alt, seier styraren.

I Kvennaneset barnehage er ein tredjedel av barnegruppa to- eller trespråklege. Dei tilsette er kursa i emnet, men styraren seier at dei framleis er i ein startfase.

Lærer ikkje over natta

På kontoret sitt i Synnøve Riste-huset, ved Høgskulen i Volda, sit ho omringa av bøker og innhaldsrike permar. Høgskulelæraren, Reidun Myklebust, meiner at det tek tid for eit barn å lære språk. Spesielt vanskeleg er det for minoritetsspråklege.

– Det som kanskje eksisterer som ei myte er at små barn lærer språk svært raskt, fortel høgskulelæraren frå Volda.

Det er individuelt kor lang tid eit minoritetsspråkleg barn bruker på å lære seg eit nytt språk. Det finst ingen studiar av barnehagebarn på dette.

Det viser seg at skulebarn bruker fem til sju år på å lære språket, slik at dei kan fungere i ein skulefagleg samanheng på linje med dei som har norsk som morsmål.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexander Knotten og Lukas Emanuel Dolmen

Alexander Knotten og Lukas Emanuel Dolmen er gode vener i barnehagen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Kompetanse er nøkkelen

Talet på minoritetsspråklege barn har auka dei siste åra. Men det handlar om meir enn å berre lære norsk. Det meiner høgskulelæraren, Randi Myklebust.

– For å få til eit godt arbeid i barnehagen, eit godt samarbeid med foreldra og eit godt liv for barna, burde ein få tospråklege førskulelærarar ut i barnehagane. Det ville gje eit enormt løft for desse barna, seier Myklebust.

Ho meiner at det å vere genuint oppteken av barnet sin språklege bakgrunn kan fungere som ein døropnar.

– Ein må vere bevisst på at barna allereie har ressursar i forhold til eit anna språk. Alle barnehagar bør jobbe fram at barnet får bruke morsmålet, fortel ho.

LES OGSÅ:

Det blir betre

Elisabet Dahle

Elisabet Dahle ved Kunnskapsdepartementet meiner at dei eksisterande retningslinjene for fleirspråklege barn ikkje er gode nok.

Foto: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har utvikla retningslinjer knytt til språkleg mangfald der ein kan lese seg til måtar å løyse utfordrande situasjonar ved fleirspråklege barn.

Statssekretær ved Kunnskapsdepartementet, Elisabet Dahle, fortel at dei er i gang med å styrke rettleiingsmateriellet som sendast til barnehagane.

– Det er ikkje godt nok slik rettleiinga er i dag. Det er utruleg viktig å ha fokus på språkutviklinga, då det er få minoritetsspråklege barn som kan godt nok norsk når dei startar i skulen, seier statssekretæren.

Ho legg til at det er positivt å få fleire tospråklege barn inn i norske barnehagar, det vil vere med på å gjere integreringa lettare. Men det hadde vore endå betre viss det hadde vore førskulelærarar som kunne fleire språk.

– Det er eit sterkt ønske å få fleire tospråklege førskulelærarar inn i barnehagane, seier Dahle.

Språkmiljøet er viktig for foreldra

Leiar av Foreldreutvalet for barnehagar, Lena Jensen, seier at rutinar og språkmiljøe er avgjerande for at barnet skal få eit godt sosialt liv.

– Foreldre meiner at det er det viktig at barnet blir kjent med morsmålet samtidig som dei lærer norsk. Det å bli møtt med sitt eige språk gjer at både foreldre og barn kjenner seg trygge, seier leiaren.

Jensen seier også at alle foreldre er veldig forskjellige, og at alle tenkjer ulikt når barnet deira skal byrje i barnehagen. Forventningane til foreldra spørst på kva for erfaringsbakgrunn og kultur dei kjem frå.

– Det alle foreldre og barn har til felles er at dei vil bli tatt på alvor, fortel Jensen.

LES OGSÅ:

– Bør forstå barnet sitt behov

Jensen fortel at viss det er kompetente vaksne i nærleiken vil både foreldre og barn kjenne seg tryggare. Viss det er ein avstand mellom dei og barnehagen kan det oppstå vanskelege situasjonar.

– Fleire barnehagar bruker tolk i samarbeid med foreldre. Dette gjer det lettare å oppretthalde ein god dialog. Det at både barnehagane og kommunane satsar på språk gjer det enklare for barna å lykkast vidare, seier leiaren i foreldreutvalet.

Foreldreutvalet for barnehagar har utvikla eit ressurshefte på oppdrag av Kunnskapsdepartementet som handlar om samarbeid mellom foreldre og personalet.

Må ha meir kunnskap

Det er ikkje alle som er klar over at desse retningslinjene eksisterer. Det seier Myklebust på kontoret sitt i Volda. Ho meiner at informasjonen må bli betre, og at fleire må bli flinkare til å bruke rettleiinga.

– Ein må vite at der finst retningslinjer. Det er det langt ifrå alle som veit. I tillegg skal ein prøve å følje desse, og det kan vere vanskeleg utan eit fagleg miljø i ryggen, konstaterer Myklebust.

Ifølgje Myklebust er det ulik praksis i barnehagane når det gjeld arbeid med minoritetsspråklege barn. I forhold til hennar eigne erfaringar er nokre veldig dyktige, medan andre skulle hatt meir trening.

Myklebust seier at eit breiare pensum i emnet i alle grunnutdanningane vil vere med på å styrke kunnskapen.

Tydeleg auke av born

På fem år har talet på minoritetsspråklege barn auka med over 13 000. Det har vore ei jamn auke sidan 2005.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Reiskapar skal styrke språket

Tilbake i Kvennaneset barnehage. Der har styrar Eldrid Olsvik Howden utvikla mange reiskapar som skal gjere spåkutfordringa lettare.

– Vi har laga ein del verktøy som gjer at det er lettare å kommunisere for dei som er to- eller trespråklege, seier barnehagestyraren.

Howden viser fram fyldige permar med bilete av blant anna tradisjonsrike høgtider og solfulle somrar. Barnehagen bruker bilete for å gjere læringa meir effektiv. Den engasjerte styraren fortel at barna, minoritetsspråkleg eller ei, lærer meir viss dei har eit bilete å sette orda ved.

Permer til bruk for minoritetsspråklige barn Kvennaneset barnehage

Desse permane gjer det lettare for barna å lære språk. Då kan ein sjå på bilete samtidig som ein lærer ord.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Lite arabisk i barnehagen

Myklebust meiner at pedagogane og assistentane i barnehagen må tenke på at dette er barn som har heilt andre språklege utgangspunkt enn mange av dei andre i barnehagen. Men det vil ikkje seie at dei er utan ressursar.

– Viss dei tilsette i barnehagen viser interesse for det språket barna allereie har kan ein utrette mirakel. Det gjer at barna sjølve blir nysgjerrige på den språklege kompetansen dei har, men som er vanskeleg å få tak på, fordi ein snakkar ikkje arabisk i barnehagen, seier Myklebust med eit smil.

Treng tolk

Det er ikkje vanleg for ein barnehage å bruke tolk i samband med minoritetsspråklege. Dette krev ressursar, og det er mangelvare.

Kvennaneset barnehage er ein av dei få som hyrar inn oversettar for å betre kommunikasjonen mellom foreldre og tilsette. Det kan vere med på å skape eit trygt forhold mellom familien og barnehagen.

– Vi bruker ofte telefontolk når vi skal ha samtalar med minoritetsspråklege foreldre. Det skapar tillit, og gjer det lettare for oss å få tak på informasjon om barnet, fortel Howden.

Dei sikrar også at foreldra får den informasjonen dei treng for å kjenne seg trygge i barnehagen. Styraren slår fast at barnehagen må vere sikker på om barnet har sjukdommar, allergiar eller spesielle vanar.

Aleksander Nogva

Aleksander Nogva i Kvennaneset barnehage syns at det er spanande med kamera på leikeplassen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK