Hopp til innhold

– Rusførebygginga må starte allereie i barnehagen

Den frivillige organisasjonen Lions meiner sosial kompetanse er nødvendig for å kunne vere ein del av samfunnet. No arrangerer dei kurs i rusførebygging for barnehagar.

Kurs i regi av Lions med Stig Reinholt Jensen

Denne veka blir nærmare 150 barnehagetilsette kursa i «Det er mitt valg» ved Herdhuset i Ålesund. Rusførebygging og trening i sosial kompetanse står på tapetet.

Foto: Lars Skoghaug

Barnehagetilsette får no tilbod om kurs i rusførebyggjande arbeid. Med prosjektet «Det er mitt valg» arrangerer den frivillige organisasjonen Lions kurs for norske barnehagar.

Sosial kompetanse er nødvendig for å kunne meistre utfordringar i samfunnet, meiner organisasjonen.

Vil trene barn og unge

Lions vil trene barn og unge i mellom anna å ta ansvar, kommunisere, auke sjølvtillit og setje seg mål. Kursinstruktør, Stig Reinholt Jensen, meiner at det er viktig å jobbe førebyggjande i staden for å reparere.

Per Aase og Stig Reinholt Jensen

Lions-mann Per Aase og kursinstruktør Stig Reinholt Jensen.

Foto: Lars Skoghaug

– Vi har eit motto som seier at det er betre å byggje barn og unge, i staden for å reparere vaksne. Vi ønskjer å jobbe førebyggjande, haldningsskapande og bevisstgjerande. På den måten slepp vi å reparere skader som allereie har skjedd, seier Jensen.

LES OGSÅ:

Kursinstruktøren legg til at resultatet av kurset skal vere at dei bidreg til barna si utvikling på det sosiale planet. «Det er mitt valg» skal gjere at barna veks opp og kan fungere godt saman med andre menneske i samfunnet.

– Det er viktig å starte tidleg, difor går vi inn allereie i barnehagane for å jobbe med barna på eit tidleg stadium, seier Jensen.

Skil seg ut

Kursinstruktøren meiner at kurset skil seg frå andre liknande tilbod. «Det er mitt valg» skal ikkje vere eit kurs der ein må sitje i ro heile dagen medan ein høyrer på ein føreleser.

– Dette er eit kurs der vi jobbar med praktiske aktivitetar, slik at deltakarane får rørt seg litt og prøvd ut ein del av desse aktivitetane som då skal brukast i barnehagane eller i skulen, fortel Jensen.

LES OGSÅ:

Kurset tek imot gode tilbakemeldingar frå deltakarane via evalueringsskjema.

– Folk har sansen for denne måten å vere på kurs på. Dei sovner ikkje bort, for å sei det sånn, ler kursinstruktøren.

Fornøgde kursdeltakarar

Merete Haugseth og Turid Sandnes

Merete Haugseth og Turid Sandnes er begge styrarar i kvar sine barnehagar.

Foto: Lars Skoghaug

Turid Sandnes er styrar i Hessa Barnehage i Ålesund, og har blitt anbefalt kurset av andre barnehagar.

– Dette er eit kjempetilbod for oss nettopp fordi vi får det gratis. Då eg fekk vite om kurset tenkte eg at dette må vi berre få med oss, seier Sandnes.

Ho legg til at det er bra at det er berekna på heile personalgruppa, og ikkje styrarar, assistentar eller fagarbeidarar åleine. Venninne og styrar i Midtbyen barnehage, Merete Haugseth, nikkar.

– Alle har fått same informasjon, alle har same bakgrunn og alle har forståing for kva vi skal byrje å jobbe med. Det er veldig viktig, fortel Haugseth.

Dei lokale Lions klubbane rundt om i landet tibyr kursa til deltakarane. Dei besøker barnehagar og skular for å spør om dei er interesserte i kursa deira. Deltakarane kjem til dekka bord. Ein får materiellet og kurset gratis. Det einaste ein treng å investere er si eiga tid.

LES OGSÅ:

Frivillig eldsjel

Per Aase har jobba som frivillig i Lions i over 30 år. Han er ein av veteranane, og kan kallast for ein ekte eldsjel. Engasjert fortel han om kor avgjerande rusførebygging er frå tidleg alder.

– Dette arbeidet er så givande for etterkommarane våre. Det er ei stor glede for oss i Lions å bidra med dette tilbodet. Jo tidlegare ein startar jo betre er det. Det beste er viss ein får det inn med morsmjølka, seier Lions-mannen.

«Det er mitt valg» har vore arrangert i norske skular sidan 1990, og om lag 35 000 tilsette i skular har delteke på desse kursa. Barnehagane fekk dette tilbodet i 2009. Ifølgje Lions viser det seg at rettleiingane blir brukt meir og meir.

Dei fem Lions-klubbane i Ålesund har finansiert «Det er mitt valg» gjennom å selje tulipanar. Organisasjonen har lagt ned mykje arbeid for å realisere dette prosjektet, som no er i Herdhuset i Ålesund. Rekninga på femdagarskurset nærmar seg no 100 000 kroner.