Hopp til innhold

Utfall av ei kraftlinje kan ramme gassforsyninga til Storbritannia

Storbritannia er avhengige av gassen frå Nyhamna, men ein feil på kraftlinja kan stoppe produksjonen. No slår politikarar alarm.

Nyhamna i Aukra

Gassen frå Nyhamna på Aukra dekker 25 prosent av forbruket i Storbritannia. Det er berre ei kraftlinje inn til anlegget.

Foto: Roar Strøm / NRK

Skulle straumen inn til Nyhamna i Aukra forsvinne, kan det få store konsekvensar for britane. Gassanlegget leverer nemleg 25 prosent av forbruket til Storbritannia.

Det går berre ei kraftlinje inn til anlegget. Det gjer leiar i Romsdal regionråd, Torgeir Dahl, bekymra.

Etter sabotasjen på gassrøra i Austersjøen er frykta at også norske anlegg kan vere terrormål. Dahl meiner at det ikkje er nok at kystvakta og heimevernet patruljerer.

– Alle som er oppteken av risiko veit at straumtilførselen er mykje meir utsett, seier Dahl.

Han meiner det er enkelt å ta ut straumtilførselen for den som har slike motiv og hevdar at styresmaktene tenker for lite på risiko og sårbarheit for anlegget som forsyner Europa med energi.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl

Torgeir Dahl er leiar i det interkommunale rådet for Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Krev ekstra kraftlinje

I årevis har det vore debatt om å bygge ei ekstra kraftlinje inn til gassanlegget. Dahl meiner det har hasta i 20 år og krev no handling frå styresmaktene.

Han forventar at kostnaden ikkje skal vere eit spørsmål.

– Dette er småpengar i forhold til dei verdiane som blir skapt og opp mot den handsrekkinga vi gir til Europa i den vanskelege situasjonen. 100 millionar betyr ingenting i det store reknestykket, seier Dahl.

Ordførar i Aukra, Odd Jørgen Nilssen

Ordførar i Aukra, Odd Jørgen Nilssen, meiner det er på høg tid at det kjem ei ekstra kraftlinja til Nyhamna.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Treng dobbel sikring

Også ordførar i Aukra, Odd Jørgen Nilssen (H), meiner at ei ekstra kraftlinje burde ha vore på plass.

Han rår Statnett til å legge ny kraftlinje frå Ørskog via sjøkabel, og på den måten bruke to ulike straumkjelder inn til Nyhamna.

– Då har du ei dobbel sikring. Visst den eine blir kutta, er det mogleg å kople seg på den andre, seier Nilssen.

Planlegg ny leidning

Statnett ser på moglegheita for å bygge ei ny kraftlinje på sikt, men det blir ei linje som er delvis parallell med den eksisterande traseen.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Irene Meldal seier at dei i fleire omgangar har greia ut om det skal byggast ei «reserveløysing» i form av tosidig forsyning. Men dette er ei investering som berre gasskraftverket har nytte av og dermed må dei vere med å betale. Det har gassoperatøren takka nei til.

I den spesielle situasjonen vi er i akkurat no skjønar vi at problemstillinga kjem opp igjen, men det er Statnett som må vurdere sårbarheita i kraftnettet for å sikre stabil straumforsyning, seier kommunikasjonsleiar i Gassco, Linda Nordbø.

Då debatten om ei ekstra kraftlinje var oppe tidlegare, handla bekymringa om produksjonstryggleiken var robust nok med stadige utfall på linja. Straumforsyninga dei siste åra har vore stabil.

Les også Tilsett i kraftselskap sikta for forsøk på sabotasje mot trafostasjon

Trafostasjon ved Stemmemyren

Reservekraftverk blir selt

På Nyhamna har det inntil no funnest ei reserveløysing for kraft.

Statnett kjøpte to mobile gasskraftverk i 2009 fordi Midt-Noreg hadde eit stort underskot på kraft. Eitt av dei var plassert på Nyhamna og eitt på Tjeldbergodden. Det på Tjeldbergodden er allereie selt.

No blir det mobile gasskraftverket på Nyhamna demontert og sendt til Honduras, fordi det ikkje lenger er kraftunderskot i området.

Reservegasskraft på Nyhamna

Det mobile reservekraftverket på Aukra blir no demontert. Det har blitt selt til Honduras.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Gassco ville ikkje kjøpe reservegassverket. Grunnen er at straumforsyninga til Nyhamna har vore stabil dei siste åra og at reserveløysinga er lite eigna fordi det tar så lang tid å starte opp.

Les også Equinor bekreftar: Setter Mongstad-stenging på vent

Mongstad Kraftvarmeverk

Hei

Jeg har jobbet med olje og gass i 20 år. Har du innspill til denne saken? Eller tips? Jeg vil gjerne høre fra deg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL