Hopp til innhold

Tilsett i kraftselskap sikta for forsøk på sabotasje mot trafostasjon

Vart arrestert onsdag kveld. Har erkjent forholdet til arbeidsgjevar.

Trafostasjon ved Stemmemyren

Ein trafostasjon i Ytre Sandviken i Bergen hadde hatt ubedne gjester i slutten av september. No er ein tilsett i BKK Nett sikta i saka.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Politiet har no sikta ein mann i 60-åra etter ei hending på ein trafostasjon i Ytre Sandviken i slutten av september.

Mannen er sikta for forsøk på sabotasje.

– Han er sikta for å ha forsøkt å skada trafostasjonen, som kunne ha medført at fleire område i Bergen kunne ha vorte utan straum i fleire dagar, seier politiadvokat John Lode Roscoe.

Det skal dreia seg om eit forsøk på kortslutning, som kunne ha ført til straumbrot for innbyggjarar i områda Sandviken, Eidsvåg og Øyjorden. Samla dreier det seg om fleire tusen husstandar.

Ifølgje BT skal mannen ha prøvd å manipulera anlegget slik at det oppstod fare for eksplosjon.

– Han hadde lovleg tilgang til anlegget gjennom sin jobb, fortel politiadvokaten.

Arbeidsgjevar: – Ei alvorleg og trist sak

Mannn er sikta for brot på straffelova sin paragraf 192, som handlar om anslag mot infrastrukturen.

Denne paragrafen har ei strafferamme på heile 10 år.

– Eg vil understreka at dette er ei forsøkshandling. Ingen er skadd, og ingen eigedom er skadd, seier politiadvokaten.

Tilsett i BKK Nett

Ifølgje politiet er den sikta mannen tilsett i nettselskapet BKK Nett, og hadde difor lovleg tilgang til den aktuelle transformatorstasjonen.

– Han tok på eit tidspunkt kontakt med sin arbeidsgjevar, og innrømma forholdet. Me tok då umiddelbart kontakt med politiet, seier konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Eviny, Rune Indrøy.

– Kva skjer med hans arbeidsforhold no?

– Me ser på dette som ei personalsak, som eg ikkje vil kommentera nærmare. Me må også venta på politiet si vidare etterforsking, svarar han.

– Kva tenkjer de om det som har skjedd?

– Dette er ei alvorleg og ei trist sak. Og det er sjølvsagt tragisk at dette er gjort av ein tilsett, svarar han.

Trafostasjon ved Stemmemyren

Mannen skal ifølgje politiet ha forsøkt å setja store deler av straumforsyninga til Bergen ut av spel.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Skal i avhøyr

Mannen vart arrestert onsdag kveld, og sit i politiet si varetekt. Det vart gjennomført ei ransaking i samband med arrestasjonen.

– Eg ynskjer ikkje å kommentera korleis han reagerte då han vart arrestert, seier Lode Roscoe.

Politiet skal etterforska saka vidare, mellom anna for å finna ut om han hadde ei hensikt med å ta seg inn på området denne kvelden.

– Den sikta vil verta avhøyrt så snart det let seg gjera, seier politiadvokaten.

Dei har førebels ikkje grunn til å tru at han er involvert i hendingar på andre transformatorstasjonar.

Politiet vil i løpet av dagen fredag ta stilling om han skal bli framstilt for varetektsfengsling. Det vil i så fall skje laurdag.

– Eg har ingen kommentar til saken på dette tidspunkt, seier mannen sin forsvarar, advokat Ellen Eikeseth Mjøs.

Trafostasjon ved Stemmemyren

Sidan slutten av september har politiet etterforska det som kan ha vore eit sabotasjeforsøk mot ein transformatorstasjon i Bergen sentrum.

Foto: Åge Algerøy / NRK