Hopp til innhold

Equinor bekreftar: Setter Mongstad-stenging på vent

Equinor vil gjere gassturbinen tilgjengeleg i møte med straumkrisa. Forlenginga skaper også press på andre pensjonerte og snart pensjonerte gasskraft-reservar.

Mongstad Kraftvarmeverk

MONGSTAD: Mongstad-forlenginga i sin tur reiser spørsmål om kor operative andre gasskraftverk langs og utanfor norskekysten bør vere.

Foto: Statoil

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Equinor vil halde gassturbinen på Mongstad kraftvarmeverk tilgjengeleg som ein del av grunnlaget for Statnett si vurdering av SAKS-tiltak i oktober. SAKS er kort for «svært anstrengd kraftsituasjon».

Avgjerda kjem etter høgt press.

– Vi vil halde fram dialogen med Statnett om operasjonelle og kommersielle løysingar dersom gassturbinen blir omfatta av SAKS-tiltak, seier Gisle Ledel Johannessen i Equinor.

Mongstad-forlenginga reiser i sin tur spørsmål om kor operative andre gasskraftverk langs og utanfor norskekysten bør vere.

I ein SAKS-rapport frå 2014 skreiv Statnett at gasskraft-løysingar ikkje er ideelle, men at «denne kapasiteten bør kunne bli vurdert i ein svært anstrengt kraftsituasjon».

I tillegg til eit knippe landbaserte gasskraftverk er det i dag 160 gassturbinar på norske oljeplattformer. Fleire av desse nærmar seg pensjonsalder, i tråd med politikken om å elektrifisere sokkelen.

Regjeringa bør vurdere om det er mogleg å reetablere tidlegare gasskraftverk langs kysten som eit beredskapstiltak, seier nestleiar i Frp, Terje Søviknes, som tidlegare har vore olje- og energiminister.

Han legg til:

Det er grunn til å tru at kraftprisen kan bli langvarig. Då kan nye og mobile gasskraftverk vere eit alternativ på mellomlang sikt.

Offisiell åpning av Ivar Aasen-feltet.

– Regjeringa bør vurdere om det er mogleg å reetablere tidlegare gasskraftverk langs kysten som eit beredskapstiltak, seier nestleiar i Frp, Terje Søviknes.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Effektive gasskraftverk må vidareførast

– Regjeringa og statlege styresmakter må «snu kvar stein» for å identifisere tiltak som kan hindre rasjonering av kraft. Eg vil ikkje avvise noko, men vil sjå Statnett sine tilrådingar, seier stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik.

I dagens situasjon må effektive gasskraftverk vidareførast, seier energipolitisk talsperson i KrF, Kjell Ingolf Ropstad.

Han legg til at «full elektrifisering av Snøhvit ikkje vil vere klokt». Snøhvitfeltet i Norskehavet er knytt til Melkøya gasskraftverk i Hammerfest kommune.

Melkøya og det omstridde gasskraftverket på Mongstad er i dag dei to einaste operative gasskraftverka til Equinor. Gassturbinane på Melkøya skal etter planen ut av drift frå 2027.

Gasskraftverket på Kårstø i Rogaland vart pensjonert i 2017 på grunn av «vedvarande låg driftsutnytting». Anlegget hadde ein effekt på 430 megawatt (MW).

Det mobile gasskraftverket på Tjeldbergodden

Slik så «landets første mobile gasskraftverk» på Tjeldbergodden på Møre ut. I 2015 vart anlegget demontert fordi Statnett «ikkje lenger hadde bruk for det».

Foto: Kjell Herskedal, Kjell Herskedal / SCANPIX

Eit traume i den norske klimakampen

På Stortinget vert signala om nytt liv til gamle gasskraftverk motteke med uro og forskrekking (sjå faktaboks).

Bakgrunnen er ein lang og oppheta debatt om gasskraft som skjer tvers gjennom den norske partifloraen.

I 2000 gjekk Kjell Magne Bondevik (KrF) av som statsminister fordi han ikkje ville byggje «forureinande gasskraftverk» (året etter aksepterte han at det vert bygd gasskraftverk på Kårstø og Melkøya).

Medan hans etterfølgjer, Jens Stoltenberg (Ap), måtte sjå draumen om fullskala-reinsing på Mongstad, den såkalla «månelandinga», kollapse.

Mongstad-retretten har sidan vore eit traume i den norske klimakampen, og «eit gnagsår» for Equinor, som har vedteke å leggje ned kraftverket.

Jens Stoltenberg og Mongstad

Jens Stoltenberg meinte gasskraftverk var nødvendig for å sikre forsyning av straum til Noreg og til norsk sokkel.

Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Onsdag meldte Statnett at også gasskraftverket på Gossa «vert teke ned i løpet av året» etter at dei omsider har funne ein kjøpar.

Dette kraftverket ville uansett ikkje hatt nokon funksjon opp mot ein eventuell svært anstrengd kraftsituasjon i Sør-Noreg til våren, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Irene Meldal.

Statnett bygde «landets første mobile gasskraftverk» på Tjeldbergodden i 2007. I 2015 vart anlegget selt fordi det «ikkje lenger var bruk for det».

Fleire av petroleumsinstallasjonane ligg i dei nordlege prisområda der det er meir enn nok kraft, seier kraftanalytikar Marius Holm Rennesund.

Melkøya

Melkøya og det omstridde gasskraftverket på Mongstad er i dag dei to einaste operative gasskraftverka til Equinor. Gassturbinane på Melkøya skal etter planen ut av drift frå 2027.

Foto: Allan Klo / NRK

Bør vere eit av dei aller siste tiltaka på beredskapsplanen

I ein kronikk i Dagens Næringsliv foreslår Åsmund Sunde Valseth, seniorøkonom i Vista, å ta i bruk gassturbinar på petroleumsanlegg og oljeinstallasjonar som i dag får straum frå land.

Equinor-sjef Anders Opedal har tidlegare forklart at det ikkje er mogleg å skru tida tilbake og «av-elektrifisere» den delen av sokkelen som alt er elektrifisert.

– Stengjer vi ned Troll A, så stengjer vi ned ein betydeleg del av gassen til Europa. For Noreg som energinasjon får det store konsekvensar, seier han til NTB.

EU-landa vart i juli samde om å kutte gassbruken med 15 prosent. Kriseplanen kjem etter at Russland strupa gassleveransane til kontinentet som følgje av det EU-kommisjonen kallar eit «forsettleg forsøk på å bruke energi som eit politisk våpen».

Kostbar og forureinande drift av gasskraftverk bør vere eit av dei aller siste tiltaka på beredskapsplanen. Gassen vi har bør først og fremst gå til å dekkje Europa sitt behov for å erstatte russisk import, ikkje til norsk overforbruk, seier Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.