Hopp til innhold

– Det var heilt fantastisk å ha ski på beina igjen

Topptursesongen er alt i gang fleire stader. Men det er nesten to månader til snøskredvarslinga opnar for sesongen.

Hege Sæterbø Andersen på toppen av Alnestind

MEKTIG: Alnestind (1665 m.o.h.) er ein populær topptur frå Trollstigen i Rauma - men då helst om våren når vegen opnar etter vinteren.

Foto: Inger Fjærli

– Vi følte oss passe galne då vi drog fram skia 5. oktober, men vi var slett ikkje åleine. Det var sikkert 20 bilar på parkeringa under Alnestind på Trollstigen, fortel Hege Sæterbø Andersen.

Ho var ei av dei som fekk seg ein fin topptur på ski i helga.

– Vi reiste på impuls då vi såg at det var skiføre der. Det var heilt fantastisk å ha ski på beina igjen etter ein lang sommar med fotturar, seier ho.

På veg til Alnestind i oktober

Det blei mange skispor i sida på Alnestind i helga.

Foto: Hege Sæterbø Andersen

Ski frå bilen

Trollstigen i Romsdal er eit svært populært utgangspunkt for vårskiturar, men vegen er vinterstengd. No starta skisesongen så tidleg at vegen framleis er open. Hege Sæterbø oppdaga at det var skiføre via ein ho følger på Instagram, og sende ein skjermdump til venninna, Inger Fjærli, delvis på spøk.

– Men ho svarte ja med ein gong, så då sette vi oss i bilen. Det er 2,5 timar å køyre frå Surnadal til toppen av Trollstigen, fortel ho.

Hege Sæterbø Andersen på veg ned frå Alnestind

Hege Sæterbø Andersen på veg ned frå Alnestind i oktobersnø.

Foto: Inger Fjærli

Dei to venninnene køyrde dermed i fem timar tur-retur for å få oppleve Alnestid på ski i oktober.

– Vi kunne ta på oss skia ved bilen. Det var hard skare i starten av turen, men etter kvart vart det fint, fortel Hege Sæterbø Andersen.

Ei av farene ved skitur så tidleg på sesongen, er stein som stikk opp frå snøen, men det tidlege snøfallet har vore såpass stort at det gjekk fint å unngå kvasse kantar.

– Så tidleg veit vi det er ein fare for stein, men vi fekk ingen riper i skia. Det var nok snø og «kjøle» artig.

Varsom er stengt

Nettstaden Varsom.no har blitt ei viktig hjelp for toppturfolket for å vurdere snøskredfaren. Men sjølv om skisesongen er i gang, er snøskredvarslinga framleis sesongstengt.

Rune Engeset

Seksjonssjef i NVE, Rune Engeset

Foto: NVE

– Vi varslar dagleg frå 1. desember til 31. mai. Dersom det er stor snøskredfare, sender vi ut varsel frå 20. oktober, fortel seksjonssjef i NVE, Rune Engeset.

Men det kan sjølvsagt gå snøskred, og Engeset ber folk ta ansvar for å vurdere snøen sjølve.

– Det er veldig få område det er skiføre så tidleg, så vi har ikkje daglege varsel. Men det kan skje ulykker også tidleg på hausten dersom ein ferdast i bratt nok terreng, så folk må gjere dei same vurderingane som ellers i sesongen, seier han.

Engeset ber folk gå inn på nettsidene til Varsom og finne gode råd for ferdsel i haustsnø der.

Dei har også utarbeida fire konkrete råd for denne årstida: