Hopp til innhold

Tom båt i Averøy

  • Avsluttar redningsaksjonen

    Politiet avsluttar i kveld redningsaksjonen etter ein båteigar i 30-åra utanfor Averøy. Alarmen gjekk då båten hans vart funnen tom i sjutida måndag morgon. Politi, Heimevernet, Sivilforsvaret og Røde Kors har leita på land og i sjøen.

  • Held fram søket til det vert mørkt

    Leitinga etter ein båteigar i 30-åra utanfor Råneset på Averøy, held fram utover kvelden. Det var i sju-tida måndag morgon båten hans vart funnen tom. Leitemannskapet søker langs strendene til det vert mørkt, opplyser politiet. Det pågår også søk under vatn.

  • Leitinga blir trappa opp

    Leitinga etter ein båteigar i 30-åra frå Gjemnes har vore resultatlaus i natt. Leitinga, mellom anna med Norske Redningshunder, har vore på land, og den blir trappa opp i åtte-tida. Då blir tilsaman 70-80 personar frå Heimevernet, Sivilforsvaret og Røde Kors også med på leitinga. Alarmen gjekk då båten til den sakna blei funnen tom ved Råneset i sju-tida i går.

  • Søket held fram utover natta

    Hovudredningssentralen avsluttar snart søket til sjøs i den omfattande leiteaksjonen utanfor Averøya. Mørkret gjer at leitinga i havet blir vanskeleg. Samstundes held søket fram langs land i heile natt, opplyser politiet. Det er kalla inn endå fleire for å leite i morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL