Tok seg inn på eit nachspiel

Ein mann tok seg i natt inn på eit nachspiel i Ålesund utan å vere invitert. Mannen nekta å forlate staden og blei difor kasta ut. Han byrja så å rope utanfor adressa, noko som var til sjenanse for naboane. Politiet måtte difor rykke ut til staden for å få kontroll på mannen.