Hopp til innhold

Tøffe dagar for brøytemannskapa

Stort snøfall har ført til lange arbeidsdagar for brøytemannskapa. Berre i Møre og Romsdal har Statens vegvesen hatt plog på over 100 bilar sist natt.

Video TØFT FOR BRØYTESJÅFØRANE

Natta mellom måndag og tysdag blei ekstra hektisk. Det blei veromslag der snø gjekk over til regn.

Lars Even Stokke

Brøytebilsjåfør Lars Even Stokke har verkeleg stått på i natt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

–Det har vore travelt i natt. Veret slo om, så det blei mykje sørpe å brøyte på, seier brøytebilsjåfør Lars Even Stokke.

Ulike oppfatningar blant bilistane

Det har blitt mykje nattarbeid for dei som brøyter vegane i vinter. Dei siste vekene har vore prega av store nedbørsmengder og raske verskifte, og det skaper utfordringar. Bilistane har ulike oppfatningar om kor god jobb mannskapa har gjort.

Paul-Martin Ringnes Ski

Paul-Martin Ringnes Ski er stort sett nøgd med brøytinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Brøytinga har vore bra. Eg bur i Skodje og køyrer ofte til Romsdalen, over Ørskogfjellet og forbi Vågstranda. Eg tykkjer dei har gjort ein god jobb, seier bilist Paul-Martin Ringnes Ski.

– Eg veit ikkje korleis kvardagen til brøtemannskap er. Men ut frå min ståstad kunne dei ha gjort det betre, seier bilist Espen Solholm.

Anne Karin Standal

Anne Karin Standal meiner brøytinga har vore svært skiftande.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Brøytinga har vore veldig opp og ned. Eg pendlar mellom Vaksvika og Sykkylven. Vegen på Glomset har vore bra. Men brøytinga på europavegen har vore opp og ned, seier bilist Anne Karin Standal.

Store utfordringar i vinter

Dei som har ansvaret for å halde vegane køyrbare stadfestar at dei har hatt ei ekstra utfordring i vinter.

Ole Christian Drabløs

Ole Christian Drabløs er driftssjef i Mesta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det har vore store veromslag. Vi har gått frå sprengkulde til masse nedbør med regn. Då virkar ikkje tiltaka våre. Salt og sand regnar vekk. Då blir vegane like glatte igjen, seier Ole Christian Drabløs i Mesta.

– Vonar at vinteren tek slutt

Fleire av dei som var ute i natt, håper vinteren snart tek slutt.

– Eg vonar det skal bli meir stabilt og opphaldsver. Så skal vi få til desse vegane no, seier brøytebilsjåfør Lars Even Stokke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL