Hopp til innhold

Snøen lava ned i Molde

Brøytemannskapa i Molde har stått på for fullt sidan klokka fire i dag tidleg. 20-30 centimeter nysnø skapte store vanskar då det lava ned som værst.

Video Travelt for brøytebilsjåførane

Alt brøytemannskap måtte tilkallast for å få unna snøen i Molde tysdag morgon.

Tett snøver i Molde

Tett snøkave i Molde tysdag morgon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ekstra mannskap måtte innkallast og heile brøytestyrken var ute på jobb frå rundt klokka 04.30 i dag tidleg.

Det var Molde kommune som var spesielt hardt råka i dag tidleg og brøytesjåførane måtte konsentrere seg om dei mest trafikkerte vegane i første omgang.

Ivar Hol

Seksjonsleiar Ivar Hol ved Vegkontoret

Foto: NRK

Først utover formiddagen kan sidevegane bli brøyta. Situasjonen var slik at når brøytebilane hadde tatt ei runde så var det nesten like mykje snø då dei kom tilbake til startpunktet.

Seksjonsleiar Ivar Hol ved Vegkontoret seier at Nordmøre og Sunnmøre har fått mindre snø enn venta i natt.

- Det ser ut som om Molde har fått alt i denne omgang.

Snømåking i Molde

Mange måtte bruke skufla for å få ut bilen i Molde tysdag morgon. Her er det NRKs reporter Gunnar Sandvik som må ta spaden fatt.

Foto: Omar Sejnæs / NRK