Hopp til innhold

To tilsette i heimetenesten snoka i journal

To tilsette i heimetenesten på Nordmøre skal ha snoka i journalen til ein pasient. Det går fram av tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Snokinga skal ha skjedd over fleire dagar etter at pasienten blei lagt inn på sjukeheim, og dei tilsette har forklart snokinga med at det var eit uttrykk for omsorg.

Begge har i ettertid beklaga det som skjedde.

Fylkeslegen i Møre og Romsdal skriv at pasientar skal kunne oppsøke helse- og omsorgstenesten utan å trenge å frykte at uvedkomande får tilgang til opplysninger om dei.

Snokinga blei oppdaga då kommunen tok stikkprøver.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga