Hopp til innhold

Naboar deltok i sløkking i dramatisk brann

Begge familiane i dei to bueiningane i eit rekkehus i Kristiansund kom seg uskadde ut. No får alle dei evakuerte naboane flytte tilbake til husa sine.

Politi og brannvesen evakuerer beboere fra flere hus på Nordlandet i Kristiansund som følge av en brann i to rekkehus.

Det brann kraftig i rekkehusa då brannveset kom til staden.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det var ved halv eitt-tida i natt at ein nabo ringde politiet og meldte frå om brannen. Det var opne flammar då brannvesenet kom til staden.

– Det brann kraftig i rekkehuset på Dale i Kristiansund. Då vi kom fram viste det seg at brannen hadde spreidd seg til den andre bueininga i rekkehuset. Heile rekkehuset er totalskadd, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Borge Amdam.

Det brann så kraftig i rekkehuset at brannvesenet i Kristiansund måtte kalle inn ekstramannskap.

Brann i Kristiansund

Det er blitt dagslys og det er mogleg å sjå kor omfattande skadane på rekkehuset har blitt.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

– Låg og sov

Folk som bur i nabolaget blei vekte brått og kom seg ut av husa sine. Nokre av dei deltok også i sløkkingsarbeidet.

– Dette var dramatisk. Eg låg og sov og i løpet av to minutt hadde eg fått på meg buksa og kom meg ut. Då sto nabohuset mitt i fyr og flamme, seier Morten Sevaldsen til NRK.

Sevaldsen sitt hus står berre to meter frå rekkehuset som brann.

– I løpet av 10 minutt skjønte vi at heile rekkehuset kom til å bli totalskadd. Og vi fekk beskjed om at det var sett krisestab. Vi var med og hjelpte til med sløkkinga. Og vi prøvde å berge vårt eige hus. Det er berre to meter mellom terrassen min og huset som brann, seier Sevaldsen.

Morten Sevaldsen

Morten Sevaldsen låg og sov og brukte berre to minutt på å kome seg ut. Terrassane på huset hans og huset som brann ligg med berre to meters avstand.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

Berga bunad og andre verdiar

Mannskap frå brannvesenet har vore inne i dei brannherja bustadene og fått ut gjenstandar som har betydning for familien som budde i den minst skadde bustaden.

– Vi fekk ut bunad og andre gjenstandar frå den eine bustaden, verdiar som var viktige for dei som bur der, forklarar Jørund Haltbakk.

Han er også oppteken av at dei omkringliggande husa unngjekk særlege røykskadar.

– Dei fekk beskjed om å slå av ventilasjonsanlegga. Slik unngjekk dei å få røyk inn i husa sine.

Brann i Kristiansund

Brannvesenet dreiv onsdag morgon med ettersløkking og vakthald på brannstaden.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

Evakuerte

Fleire av dei evakuerte blei innlosjerte på hotell i Kristiansund. Onsdag morgon ryk det framleis frå branntomtene. Ut på morgonkvisten blei situasjonen avklart og dei evakuerte fekk flytte heim att.

Ein person blei send til sjukehus for sjekk. Han hadde ifølgje politiet fått i seg ein del røyk.

– Alle som budde i dei to bueiningane kom seg ut ved eiga hjelp. Kriseteamet i Kristiansund kommune kom også tidleg til staden for å hjelpe dei som hadde behov for det, seier Amdam.

Brann på Dale i Kristiansund

Brannen spreidde seg frå det eine rekkehuset til det andre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

NRK siterte i natt og i dag tidleg politiet på at det var to rekkehus som blei totalskadde i brann. Det riktige er at det er to bueiningar i eitt rekkehus som har brunne. To familiar er direkte råka av brannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL