I 16.40-tida melder politiet at det er snakk om to eldre personar, ein mann og ei kvinne.
– Det er all grunn til å tru at det er bebuarane i bustaden som er funne døde. Dei er ikkje endeleg identifisert. Dødsårsaka vil bli fastslått gjennom obduksjon, seier politiadvokat Yngve Skovly.
Han vil ikkje seie noko om relasjonen mellom dei to.
Skovly seier vidare at det vil vere åstadundersøkingar på staden utover kvelden. Politiet har sperra av eit området rundt bustaden.
– Dei skal gjere undersøkingar for å sjå om åstaden kan gi svar på kva som har skjedd. Vi har og kjem også til å avhøyre vitne og gjennomføre ei rundspørjing i området for å finne ut om nokon kan ha sett eller høyrt noko, seier Skovly til NRK.
Politiet blei varsla om dødsfalla halv to torsdag.
Foto: Roar Strøm / NRKHeld alle moglegheiter opne
Det var rundt klokka halv to torsdag at politiet fekk melding om to døde personar i ein bustad i Molde sentrum. Politiet blei varsla om dødsfalla av ein person som kom til staden.
Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka.
– Vi drog raskt ut til staden og kunne konstatere at det var to døde der, seier Skovly til NRK.
Politiadvokat Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Remi Sagen / NRKRundt 15.30 var kriminalteknikarar frå politiet framme på staden og starta undersøkingane inne i bustaden.
– Førebels vil vi ikkje seie noko om kva som kan ha skjedd. Vi må vente på dei undersøkingane som blir gjort av kriminalteknikarane, seier Skovly.
– Er det teikn til at det kan ha skjedd noko kriminelt?
– Vi held alle moglegheiter opne no i starten. Men slik som situasjonen er no så er vi ikkje på jakt etter ein gjerningsperson.
Det er uklart kor lenge dei to har vore døde.
– Dette er noko vi forhåpentlegvis kan få avklart gjennom kriminaltekniske undersøkingar og obduksjon. Men det ser ikkje ut som dei har lege der i svært lang tid, seier Skovly.
Han håper at dei har fått svar på ein del av undersøkingane i løpet av dei neste dagane.
Kriminalteknikarar frå politiet jobbar på staden.
Foto: Roar Strøm / NRKVarsla av ein person som kom til staden
Bustaden der dei to blei funnen ligg i eit område med mange hus.
NRK sin reporter på staden har snakka med ein av naboane.
– Eg har ikkje høyrt eller sett noko og blei heilt i sjokk når eg høyrde at to var døde. Vi veit jo ikkje kva som har skjedd endå, men eg synest det er fælt og veldig trist.
Kommunedirektøren i Molde, Marianne Stokkereit Aasen, kan bekrefte at kriseteamet er påkopla. Ho opplyser at dei blei kopla på umiddelbart.
Pårørande skal vere varsla om hendinga.
Politiet er på staden etter at to personar har blitt funne døde i ein bustad i Molde.
Foto: Roar Strøm / NRK