Hopp til innhold

To hus gjekk tapt i brann

I løpet av natta har to hus blitt totalskadde eller har brent ned til grunnen i Møre og Romsdal. Både på Kleive og på Tustna var det flammane som vann.

Hus brann ned til grunnen i Aure

Huset på Leira på Tustna i Aure brann ned til grunnen.

Foto: Ivar Torset / Nordvestnytt

På Leira på Tustna i Aure var huset tomt då det byrja å brenne i 03.30 - 03.45 tida i natt. Her var huseigaren på påskeferie, og det var naboar som oppdaga brannen.

Det var ikkje fare for spreiing, men det var heller ikkje muleg for brannmannskapa å berge huset.

– Det tar nok tid før det blir kaldt nok på staden til at tekniske etterforskarar kan gå inn i branntomta, seier operasjonsleiar Marita Biesmans til NRK.

Ein brann i Istadlia på Kleive i Molde blei meldt rett før klokka 02. Det hadde vore folk i huset tidlegare på dagen, men var tomt då det byrja å brenne.

Ingen personar blei difor skadde, men huset makta ikkje brannmannskapa frå Kleive og Molde sentrum å berge. Det var allereie overtent då dei kom fram. Ei løe i nærleiken blei berga.

Brannårsaka er ikkje klar.

Ettersløkking

Både på Tustna og på Kleive har brannmannskapa drive ettersløkking ut over morgonen for å vere sikre på at det ikkje blussar opp igjen nokon brann.

På begge stader kan det ta tid før brannårsaka blir klarlagt. Den rutinemessige etterforskinga startar truleg ikkje før over påske, og begge stader må branntomta bli kald før det er muleg å søke tter eventuelle tekniske spor.

Kleive

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL