Hopp til innhold

Her er «skogens konge» midt i Storgata

Storgata i Molde er kjent for jazzparade og shopping. No har dyrelivet i sentrum fått moldensarar til å sperre opp auga.

URBAN ELG: Her er elgen midt i Molde sentrum.

Mang ei fotballstjerne og jazzlegende kan nok sjå tilbake på spaserturar igjennom Storgata i Molde på nattetid.

Gjestane som var ute å gjekk i den kjende handlegata natt til måndag 15. februar derimot, var nok eit litt meir sjeldan syn. To elgar på tur midt i sentrum fekk fleire moldensarar til å gripe til mobiltelefonen for å filme.

Det var avisa Romsdals Budstikke som fyrst omtala saka.

Ida Melsæter fekk filma den eine elgen.

– Det var veldig spennande. Elgen sto midt i vegen når vi kom køyrande. Då vi nærma oss med bilen så gjekk den roleg opp på fortauet før den gjekk vidare bortover gata.

Ida Melsæter

FEKK ELGEN PÅ FILM: Ida Melsæter fekk foreviga møtet med elgen.

Foto: ROAR STRØM / NRK

– Det var rart å møte ein elg her. Eg er van med at ein kan sjå dei opp i lia, men det var spesielt å møte ein midt i sentrum, seier Melsæter.

Kan måtte skyte dyra

Viltansvarleg Nils Bjørn Venås i Molde trur det har vore to eller tre ulike elgar i sentrum den siste tida.

– Førre helg var måtte vi jage ei vaksen elgku frå området rundt kjøpesenteret Roseby. Den var mykje større, så eg er sikker på at det ikkje er den som vart filma i natt, seier Venås.

Nils Bjørn Venås

VILTFORVALTAR: Nils Bjørn Venås er viltforvaltar i Molde kommune.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Han seier det er problematisk når elg kjem heilt inn til sentrum.

– Dersom dyret viser seg å vere vanskeleg å jage opp i skogen, så må ein vurdere avliving.

Venås seier elg er mindre sky enn andre hjortedyr. Samtidig er det eit stort dyr som lett kan verte stressa i eit uvant miljø. Det kan vere farleg for folk.

Seinast i sommar vart ei elgku skoten i Retiroparken utanfor Molde sentrum. Dyret var vanskeleg å jage vekk, og viste lite teikn til å vere redd folk.

Men også avliving kan vere vanskeleg då det er mange sikkerheitsomsyn ein må ta når ein skal skyte i tettbygd strøk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL