Hopp til innhold

Tjue sjukepleiarar har sagt opp siste året: – Det er fullstendig krise

På medisinsk sengepost i Kristiansund har 20 sjukepleiarar slutta det siste året. No er tillitsvald redd for tryggleiken til pasientane.

Anette Olsen, plasstillitsvalgt på medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus.

HØGT ARBEIDSPRESS:– Dei tilsette seier at dei ikkje klarer å ha eit liv utanfor jobb. Dei kjenner på det konstante ansvaret for så mange pasientar, seier Anette Olsen, plasstillitsvald på medisinsk sengepost i Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ein årelang sjukehusstrid førte til at eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal no er under bygging på Hjelset utanfor Molde. Dermed vil Kristiansund miste fleire funksjonar når det nye bygget står klart om to år, nesten ein times køyring unna.

Allereie i 2014 kom ein rapport som sa at det kunne bli ei vesentleg miljøforvitring på «det tapande sjukehuset», men den føreslo også ei rekke tiltak som skulle bidra til å unngå dette.

I fjor blei fødeavdelinga i Kristiansund lagt ned for godt, nesten tre år før nysjukehuset står klart til å ta over. Mens på medisinsk sengepost har rundt tjue sjukepleiarar slutta det siste året.

– Det er fullstendig krise. Masse fråfall av folk og ingen til å erstatte dei, og det vil til slutt gå utover pasientsikkerheita, det er det ikkje tvil om, seier plasstillitsvalt på medisinsk sengepost på Kristiansund sjukehus, Anette Olsen.

Anette Olsen, plasstillitsvalgt på medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus.

Plasstillitsvald Anette Olsen meiner det må bonusordningar til for å motivere sjukepleiarar til å ville jobbe på avdelinga hennar. Helseføretaket ønsker ikkje det.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Rekk ikkje dopause

Olsen fortel at dei tilsette ikkje rekk å gå på do eller ta lunsjpause, og at ein i prinsippet ikkje klarer å ha eit liv utanfor jobb. Sjukepleiarane kjenner på det konstante ansvaret for så mange pasientar som skulle vore fordelt på fleire.

Dei har tilsett seks nye sjukepleiarar det siste året, men halvparten av dei har òg sagt opp. Stillingsannonsane som ligg ute er det ingen som søkjer på. Sjukehuset sett inn fire helsefagarbeidarar og tre assistentar for å avlaste sjukepleiarane.

– Det er trasig. Enkelte gret og andre uttrykker det med sinne. Det fører til ein trist arbeidssituasjon og arbeidsmiljø, seier Olsen.

Kva seier dei som sluttar?

– Dei seier at arbeidsbelastninga er for stor. Dei kjenner at leiinga ikkje tar situasjonen heilt på alvor.

Forfra mot akuttbygget på det nye sykehuset på Hjelset.

Om to år skal eit nytt sjukehus stå klart på Hjelset utanfor Molde. Det skal også skal bli hovudsjukehus for Kristiansund og Nordmøre.

I 2014 blei det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse bestilt av Helseføretaket.

Den peikte på ein høg risiko for at fagmiljøet på det sjukehuset der dei opplever at dei blir nedlagt, kan forvitre.

Dei foreslo ei omfattande pakke med tiltak, som dei meinte kunne gje gode høve til å styre unna ei slik forvitring.

Stadig overfyllt på avdelinga

Det er 30 sengeplassar på medisinsk sengepost i Kristiansund. Likevel hadde dei i gjennomsnitt 6 prosent fleire pasientar enn dette i fjor. Dei har lenge slite med ei stor mengd utskrivingsklare eldre som kommunen ikkje har plass til å ta imot.

– Det har vore ei kontinuerleg utfordring som kanskje har gjort at vi står i den situasjonen, seier avdelingssjef for medisin og døgnopphald, Monicha Isaksen.

I tillegg merkar ho godt at det er sjukepleiarmangel i heile Noreg.

Monicha Isaksen

– Det er urovekkande for oss som leiing å få høyre at tilsette opplever det slik. Det er derfor vi ønsker å sjå på korleis vi skal gjere det meir attraktivt å vere på sengepost., seier avdelingssjef Monicha Isaksen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er utfordrande å få søkjarar. Vi har heile tida stillingsannonsar ute, men dei siste to gongene har vi ikkje hatt nokon søkjarar på sjukepleiarstillingar. Vi vil sjå på kva vi kan gjere annleis for å rekruttere, seier Isaksen.

Dei er blant anna i gang med eit prosjekt med bedriftshelsetenesta, tillitsvald og verneombod for å finne moglege løysingar.

Kjenner seg gløymde

Rapporten frå 2014 meinte det var middels sannsynleg at sjukehuset ville oppleve redusert rekruttering, at personell sluttar og at sjukefråveret ville auke. Konsekvensane blei rekna som store.

Oppfølging at dei mange tiltaka rapporten foreslo er etterspurt heile vegen, ifølgje hovudtillitsvald i NSF på sjukehuset, Kari-Anne Thygesen.

– Vi føler ikkje at det er gjort noko som helst. Ein har etterlyst det heile vegen, fordi ein har kjent at ein har blitt litt gløymt her i Kristiansund, seier Thygesen.

Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Helseføretaket svarar at dei siste to åra har gitt utdanningsstipend, investert i nytt utstyr og innført lokalt plassert leiing.

– Det er ikkje riktig å seie at ingenting er gjort, også er det heilt sikkert ting vi kunne ha gjort annleis. Det viktigaste for oss er å sjå framover og kva vi kan gjere for å lukkast med SNR Kristiansund og SNR Hjelset, seier avtroppande administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke.

Helse Møre og Romsdal Øyvind Bakke

Øyvind Bakke, avtroppande administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite

Heller ikkje verneombodet på akuttmottaket meiner tiltaka er gode nok, fordi ho meiner det ikkje er noko som held på tilsette fram til det nye sjukehuset står klart.

– Folk er fortvilte, lei, og aktivt på søking etter andre jobbar. Folk er usikre på om dei vil jobbe i helse i det heile tatt sånn som dei blir behandla no, seier verneombod Cindy Bøe Golmen.

Journalist Eirik Haukenes har nær familie som jobbar på medisinsk sengepost, og har derfor ikkje jobba med det som rører ved sengeposten direkte.