Hopp til innhold

Fullt i Kristiansund – sende akuttpasientar til Molde

Kristiansund sjukehus hadde i helga ikkje plass til å ta imot fleire akuttpasientar. Nye pasientar måtte bli sende til nabobyen.

Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus stenger for å ta imot nye akuttpasientar i eitt døgn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kristiansund sjukehus stengde denne helga for mottak av medisinske pasientar som trong strakshjelp. Det melde Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Nye pasientar måtte dermed bli sendt til Molde sjukehus, som er rundt 70 minutt sør for Kristiansund med bil.

– Over langt tid har det vore veldig fullt på medisinsk sengepost. No var det kome til eit punkt kor det ikkje lenger var forsvarleg å ta imot fleire pasientar, seier klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Britt Rakvåg Roald.

Har ti pasientar for mykje

Sjukehuset har for tida stort overbelegg, med 40 innlagde pasientar på medisinsk sengepost.

– Det er særdeles krevjande. Vi har dimensjonert for 30 sengeplassar, då har alle eit rom eller plass det er dimensjonert for. Når det blir fleire, blir det i korridorar, daglegstover og stader det ikkje er lagt opp til at det skal vere pasientsenger.

Fungerande kommunedirektør i Molde, Britt Rakvåg Roald.

Klinikksjef Britt Rakvåg Roald.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei har lenge hatt ei utfordring med ferdigbehandla pasientar som Kristiansund kommune ikkje har plass til å ta imot på sjukeheimane.

Søndag kveld låg det sju pasientar som er utskrivingsklare. Dette bidrog sterkt til situasjonen, ifølgje helseføretaket.

AMK og legevaktene blei varsla om at dei som trong hjelp blei sendt til Molde til klokka 16 måndag.

– Det er heller ikkje god plass i Molde, men der har vi sett inn fleire legeressursar til å flytte litt om på pasientar. seier Rakvåg Roald.

I løpet av måndagen har tiltaket vore evaluert, og mottaket er no opna igjen.

Skjer i heile landet Her er sjukehuset fylt opp av ferdigbehandla pasientar

Kristiansund sykehus

– Gjer det vi kan

Kristiansund kommune skal bygge ein ny sjukeheim som tidlegast står klart i 2026, som skal ha plass til fleire av dei utskrivingsklare pasientane som tek plass på sjukehuset.

– Vi gjer det vi kan, og har i mange år utvida kapasiteten vår heile tida. Seinast i sommar oppretta vi ei eiga ad-hoc-avdeling for å ta unna trykket på sjukehuset, seier kommunalsjef Siv Iren Stormo Andersson i Kristiansund kommune.

Siv Iren Stormo Andersson, kommunalsjef helse og omsorg i Kristiansund

Siv Iren Stormo Andersson er kommunalsjef for helse og oppvekst i Kristiansund kommune.

Foto: Eirik Haukenes

– Men aukar behovet for plassar, uansett kva de gjer?

– Viss vi skal fortsette å tenkje at alle som har vore på sjukehus skal i ein institusjonsseng, kjem vi aldri til å lykkast med det arbeidet, seier Stormo Andersson.

Gir opp å bemanne fødeavdelinga Samlar føde og barsel i Molde

Kristiansund sykehus