NRK Meny

Tingvoll-nei til Nesset og Sunndal

Rådmann Olaug Haugen i Tingvoll seier nei til kommunesamanslåing mellom Tingvoll, Sunndal og Nesset. Det kjem fram i rådmannens innstilling til eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag. Haugen seier til Aura Avis at kommunestyret tidlegare har sagt at kommunen skal orientere seg geografisk utover i spørsmålet om samanslåing.