Hopp til innhold

Tiltalt for seksuell omgang med to døtre

Ein 41 år gamal sunnmørsmann er tiltalt for seksuell omgang med to døtre. Overgrepa skal ha starta då den eldste var sju, og skal ha skjedd fleire gongar over ein to-års-periode.

Norges lover
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Ifølgje tiltalen har den 41 år gamle faren forgripe seg mot den eine dottera si fleire gongar i tidsrommet 2007-2009. Overgrepa skal ha starta då jenta var sju eller år gamal, og ifølgje tiltalen er det den eldste det har gått verst ut over.

Tiltalt for nytt overgrep i 2013

For fire år etter at overgrepa mot den eldste av dei to døtrene slutta, er mannen på nytt tiltalt for å ha forgripe seg mot ei yngre dottera. Ho var då fylt 11 år. Dette skal ha skjedd i oktober i 2013.

Tiltalt for oppbevaring av filmar og bilete

Mannen er også tiltalt for å ha lasta ned over 3000 bilete og 13 videoar av barn ned i fem-års-alderen i seksualiserte situasjonar. Filmane varte i følgje tiltalen til saman omlag halvannan time. I tillegg blei det funne ei rekkje sletta filmar av same karakter.

Saka startar i Sunnmøre tingrett tysdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL