Hopp til innhold

Tiltalt for fleire lovbrot

Ein mann i 30-åra frå Nordmøre er tiltalt for ein rekke lovbrot. Mannen er mellom anna tiltalt for å ha brote seg inn i ein bustad og stole diverse gjenstandar. Han er også tiltalt for 14 tjuveri frå ulike butikkar. Ved eit høve skal han ha spytta ein mann i ansiktet då han blei bedd om å betale for varer på ein matbutikk.

Ifølge tiltalen skal han også ha tatt ein uregistrert bil får ei bilforretning og køyrt rundt med den. Mannen er også tiltalt for skadeverk, ruspåverka køyring og for å ha oppbevart ein kniv.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL