Hopp til innhold

Tilsette varsla om drone ved gassfelt – ordføraren seier russarane vil skremme

Dei tilsette skal sjølve ha varsla om ein drone ved Åsgard B i helga. Politiet etterforskar ei rekkje mistenkelege dronar langs kysten.

Politihuset i Stavanger.

Politiet har fått inn meldingar om endå ein ny drone.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ei rekkje ukjende dronar er observert langs olje- og gassinstallasjonar på norskekysten den siste tida.

Den siste blei observert laurdag, melder nettstaden Aldri Mer.

Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-vest politidistrikt stadfestar observasjonen.

– Vi fekk melding går formiddag rundt kl. 13 frå operatørselskapet om at dei hadde sett ein mogleg droneobservasjon ved Åsgård B- plattforma. Det var gjort frå plattforma, seier han.

Fenne-Jensen seier operatørselskapet Equinor også melde om eit russisk fartøy like ved feltet.

Kystvaktskipet KV Svalbard med Sjøbjørner (mindre, gule båter) utenfor Bjørnøya.

Kystvaktskipet KV Svalbard.

Foto: Jonas Selim / Forsvaret / Jonas Selim / Forsvaret

Les også Politiet manglar utstyr til å stoppe ulovlege dronar

Potitet tar i bruk drone operative hendelser

Kystvakta rykte ut

Nettstaden Aldri Mer skriv at kystvaktfartøyet KV Svalbard laurdag rykte ut til ein russisk isbrytar som i dagevis har ligge ved landets nest største gassanlegg, Ormen Lange i Møre og Romsdal.

Ordføraren i Aukra, Odd Jørgen Nilssen, seier han trur det er russarar som står bak dronane.

– Det er ikkje tvil om at russiske styresmakter er ute etter å skape frykt og provosere. Det er veldig bra at det blir følgt med, seier Nilssen.

Odd Jørgen Nilssen, ordførar i Aukra

Ordførar Odd Jørgen Nilssen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fleire etterforskingar

Politiet etterforskar fleire droneobservasjonar ved norske olje- og gassinstallasjonar den siste tida. Nyleg blei det kjent at PST vil overta etterforskinga.

Equinor, som er operatør på Åsgard B, ønskjer ikkje å kommentere observasjonen laurdag.

– Vi stadfestar ingen observasjonar. Vi er bedne av politiet om å ikkje gjere det, av omsyn til etterforskinga, seier pressevakt Ellen Maria Skjelsbæk.

Les også PST-teori om droneaktivitet: Spionasje eller skape frykt og usikkerhet

Hedvig Moe, assisterende Politiets sikkerhetstjeneste (PST)-sjef under pressekonferanse om etterretningstrusselen mot Norge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL