Hopp til innhold

Dronar observert ved anlegg for kraft, gass og olje – politiet ber folk følge med

Tillitsvalde i Equinor og politikarar på Vestlandet er uroa etter framand droneaktivitet ved norske anlegg. Forsvarsekspert trur beredskapen blir heva ytterlegare innan få dagar.

STATOIL MONGSTAD

MONGSTAD: Det store anlegget til Equinor på Mongstad er eitt av anlegga der . Det får politikarar og tillitsvalde til å uroe seg.

Foto: Harald M. Valderhaug

Unormalt mange dronar har blitt observert på norsk sokkel den siste tida.

Etter gasslekkasjen i Austersjøen har fleire oljeselskap og politiet no auka beredskapen.

Onsdag skreiv Europower at det er meldt om dronar ved fleire kraftanlegg i Noreg.

Det same har skjedd ved landanlegg for olje og gass på Vestlandet, stadfestar politiet til NRK.

Politiet har fått fleire tips om dette i 2022.

NRK kjenner til at det mellom anna dreier seg om Equinor sitt anlegg på Mongstad, i Alver kommune nord for Bergen.

Mongstad er forsyningsbase for petroleum i Nordsjøen.

Mistenkjer framand etterretning

Stabssjef Gustav Landro i Vest politidistrikt i politiet stadfestar at dei jobbar med fleire slike saker knytt til olje- og gassanlegg.

Han fortel at dei har hatt fleire observasjonar av dronar over landanlegg i Vest politidistrikt.

– Det er observasjonar som er mistenkelege vi ser mest på. Dei er mistenkelege fordi dei skjer på tidspunkt der dei kanskje ikkje er meint å bli oppdaga.

Gustav Landro

– Bodskapen vi vil ha ut er at vi glad for at folk melder inn. Folk på Vestlandet vet at vi sit på store internasjonale verdiar i vårt område, seier Gustav Landro i politiet.

Foto: Kaja Hauge / NRK

Han trekker fram at det kan dreie seg om droneaktivitet om natta, der dronane mellom anna kan køyre utan lys og på plassar det ikkje er lov.

– Ein av tinga vi jobbar med i slike saker er å finne ut om dette kan vere framand etterretning, seier Landro.

Landro ber folk ringe politiet dersom dei ser droneaktivitet over olje- og gassanlegg, eller andre landanlegg som til dømes kraftverk.

NRK forklarer

Dronar for dummies

Mange ser føre seg dette når dei høyrer ordet «drone».

Men dei kjem i mange storleikar og fasongar.

Dei minste er på 30 g og får plass i handa.

Dei kan vere vanskelege å oppdage for det nakne auget.

Dei største kan vege over 20 tonn,

og har eit vengespenn på 40 meter.

Det er større enn Widerøs største fly.

Nokre dronar kan fly i opptil 14 timar,

medan mindre dronar kan berre fly i nokre minutt.

Dei største og mest avanserte har ein rekkevidde

på fleire hundre kilometer.

Mindre dronar kan fly kortere.

Equinor har brukt drone for å frakte hastedelar offshore.

Testoperasjon gjekk frå Mongstad til Troll A i 2020.

Og i Stavanger testar ein ut bruk av dronar

til å frakta naudmedisinsk utstyr.

Dei blir òg brukt mellom anna til grenseovervaking og redningsoperasjonar.

Noko som definerer ein drone, er at piloten ikkje er om bord.

Likevel er det laga passasjerdronar.

men dei blir òg styrt frå bakken.

Kjelder

  • Jon Christian Harestad,
    markedsføringsspesialist hos Nordic Unmanned.
  • Erik Reichbom-Kjennerud,
    seniorforsker hos NUPI.

Vakt greip inn under intervju

Petroleumstilsynet hadde i dag ekstraordinært møte i sikkerheitsforumet om uidentifiserte dronar i Nordsjøen.

– Det er ein krevjande situasjon, seier direktør i tilsynet, Anne Myhrvold.

Tillitsvald Kjetil Gjerstad ved anlegget på Mongstad seier han er glad for at tryggleiksnivået er heva.

– Det er sjølvsagt alvorleg at framande dronar blir observert nær anlegget vårt, seier han.

Like ved oljeanlegget på Mongstad går det i dag føre seg eit møte i Vestland fylkesting.

– Det er urovekkande at det er observert framande dronar ved anlegget, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Fylkespolitikarane i Vestland vedtok samrøystes ein uttale der det står at dei er «sterkt uroa over auka og uvanleg droneaktivitet i Nordsjøen». Fylkestinget understrekar at beredskap knytt til infrastruktur og installasjonar langs kysten må ha høg prioritet.

Uttalen er send til Justisdepartementet.

Orlogskaptein og forsker ved Sjøkrigsskolen Tor Ivar Strømmen

Forskar Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskulen trur beredskapsnivået i Noreg kan bli heva ytterlegare allereie dei neste dagane.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Trur beredskapen blir skjerpa snart

Vestlandspolitikarane kan bli høyrde om kort tid, trur forskar Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskulen.

Forsvarseksperten meiner beredskapsnivået i Noreg kan bli heva ytterlegare allereie dei neste dagane.

– Då vil me til dømes sjå at me får sperreområde rundt installasjonar. Eg håpar me får heimevernet på plass. Me vil få ein heilt annan kontroll med kven som går inn og ut på områda, og ikkje minst auka kontroll med varetransport ut og inn. Aktiv bekjemping av dronar er også ei moglegheit viss beredskapsnivået blir heva, seier Strømmen.

To mistenksame tilfelle ved straumselskap

NVE melder at det er observert dronar rundt det norske kraftnettet. Det er også gjort observasjonar av bilar og folk med kamera, seier Eldri Holo, seksjonssjef for beredskap i NVE.

NRK har undersøkt med fleire kraftselskap om droneaktivitet.

Straumselskapet Elvia har hatt to mistenkelege tilfelle med droneaktivitet ved kraftinstallasjonar i Innlandet dei siste månadene.

Det siste tilfellet var for nokre få dagar sidan, opplyser kommunikasjonssjef Morten Schau.

– Eg kan bekrefte at tilsette hos oss, eller folk på oppdrag for oss, har observert mistenkeleg droneaktivitet ved desse to tilfella.

Kraftlinje

Det er observert mistenkelege dronar, bilar og folk med kamera rundt det norske kraftnettet og kraftinstallasjonar den siste tida, melder bransjen.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Låg terskel for å melde ifrå

Eldri Holo i NVE seier til NRK at dei har bede bransjen om å ha låg terskel for å melde frå om dei ser noko mistenkeleg.

– Det er den enkelte aktør som må passe på tryggleiken.

– Kor mange observasjonar har de fått meldingar om?

– Det kan eg ikkje kommentere, seier Holo.

Ho grunngir det med at dei ikkje veit om det er uskuldig droneleik, eller om det faktisk er nokon som har prøvd å kartlegge kraftverk.

Holo seier dei har følgt situasjonen tett sidan februar og vurderer fortløpande om det er nødvendig å sette i verk tiltak.

– Det er ein alvorleg situasjon, seier ho.

Trur russiske dronar står bak

Seniorforskar Erik Reichborn-Kjennerud ved Nupi seier droneaktivitet på norske anlegg truleg heng saman med situasjonen i Russland.

– Då er det for å sjå korleis dei ser ut og kor det eventuelt er mogleg å kome inn. Eller kor ein helst bør treffe med missil, seier Reichborn-Kjennerud.

Han legg til:

– Eg trur at vi må ta innover oss at denne krigen er på et stadium der ting kan eskalere og at det kan skje ganske fort, seier han.

Erik Reichborn-Kjennerud

Erik Reichborn-Kjennerud, seniorforskar ved Nupi forskar på moderne krigføring.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Er du redd for fullskala krig i Europa?

– Nei, eg søv godt. Potensialet er der nok, men Russland har ikkje konvensjonelle middel til å angripe eit Nato-land. Det blir ikkje ein fullskala krig. Den vil i så fall bli kjempa med atomvåpen. Det er det eller ingenting.

Har ikkje sett noko mistenkeleg

Kommunikasjonsrådgjevar Hanne Liv Refsnes i Agder Energi seier dei av tryggleiksomsyn ikkje kan kommentere om dei har opplevd noko unormalt.

Norsk Hydro seier dei ikkje har gjort slike observasjonar kring installasjonane sine.

– Vi har ikkje registrert unormal aktivitet, men vi er endå meir årvakne, seier mediekontakt Anders Vindegg.

Han seier dei vil rapportere det som måtte kome av unormal aktivitet.

Heller ikkje Hafslund Eco, Lyse Energi eller Haugaland Kraft har sett uidentifiserte dronar rundt kraftstasjonane sine. Det same gjeld Tafjord Kraftproduksjon på Sunnmøre, men dei har bede dei tilsette om å vere ekstra merksame framover.