Hopp til innhold

Politiet manglar utstyr til å stoppe ulovlege dronar

Politiet la ved årsskiftet ned prosjektet som skulle sette politiet i stand til å handtere ulovleg droneflyging.

Potitet tar i bruk drone operative hendelser

AVSLUTTA: Ved nyttårstider vart antidrone-prosjektet avslutta, og ansvaret ført over til dei nasjonale beredskapsressursane ved Oslo politidistrikt.

Foto: Heiko Junge / NTB

Trass i at det finst teknologi som kan stoppe ulovleg droneflyging, har ikkje politidistrikta det utstyret som krevst. Det stadfestar Politidirektoratet til NRK.

For tre år sidan sette politiet i gang eit prosjekt for å møte dronetrugsmålet. Utstyr skulle handlast inn og politifolk skulle få opplæring.

Ved nyttårstider vart antidrone-prosjektet avslutta, og ansvaret ført over til dei nasjonale beredskapsressursane ved Oslo politidistrikt.

Her jobbar politiet framleis med å finne ut kva utstyr dei skal skaffe seg, og kor mange som skal få opplæring.

Dei siste vekene har det vore fleire observasjonar av det som kan ha vore dronar over viktige olje- og gassinstallasjonar og flyplassar i Noreg.

Forsvarsekspertar meiner vi i Noreg har vore for naive, og ikkje vore førebudd når det gjeld bruk av dronar.

Droneøving OSL

ØVING: I fjor demonstrerte fleire leverandørar utstyr som kan hjelpe politiet med å ta kontroll over dronar.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Teknologien finst – kan koste 100 millionar kroner

Nils Håheim-Saers har forska på dronar og autonome system i fleire år, og er overingeniør ved forskingsinstituttet Norce i Tromsø.

Han meiner politiet no må ta grep etter å ha latt arbeidet ligge. Han seier det alt finst tilgjengeleg antidrone-utstyr på kommersielle lager i Noreg.

– Om ein var klar over ei fiendtleg drone i området, kunne ein ha oppspora dronen og kven som køyrer den. Teknisk er dette klikk- og hent hyllevare, seier Håheim-Saers.

Han anslår at det vil koste kring 100 millionar kroner om dei ulike politidistrikta skal vere godt nok rusta.

Fleire selskap, også norske, leverer utstyr som kan brukast til å overvinne dronar.

Ei drone kan stoppast på ulike måtar. Signal til dronen kan blokkerast gjennom såkalla «jamming», og teknisk utstyr skal kunne finne føraren av dronen.

I tillegg kan dronar skytast ned, også med bruk av laser.

– Det er ikkje berre Noreg, men mange land som no leitar etter denne typen teknologi. Noreg er ikkje nødvendigvis spesielt langt bak andre land, seier dagleg leiar Stig Nyvold i Squarehead Technology AS.

Dei leverer utstyr som kan oppdage dronar. Nyvold stadfester at det finst gode system som kan dekke store område.

– Utfordringa er å plukke dei rette verktøya i verktøykassa, seier han.

Heimevernet på plass ved Petroleumsanlegget Kårstø.

Heimevernet på plass ved prosessanlegget Kårstø.

Foto: Carina Johansen / NTB

Er usikre på kva utstyr dei treng

Politiet meiner den teknologiske utviklinga går så raskt at det tar tid å bygge opp kompetanse og kapasitet.

– Vi må i større grad kartlegge kva utstyr vi treng, det er svært kostnadskrevjande, seier politioperativ seksjonssjef i Politidirektoratet, Elisabeth Rise.

Politiet vil ikkje ut med kva utstyr Oslo politidistrikt har, eller kor mange som har kompetanse til å bruke det.

Utstyret er ikkje innkjøpt, men leasa.

Rise vedgår at det «potensielt vil vere mange situasjonar som vi kanskje ikkje klarer å løyse med det vi har anskaffa oss så langt».

– Vi har brukt litt tid fordi teknologien utviklar seg veldig fort, det er ulike system til ulik bruk, seier Rise.

Utstyr og personell er i Oslo, kva gjer dette med moglegheita til å bruke det kring om i landet?

– Vi må ha ein plan for korleis vi skal handtere det, deretter bygge opp kompetanse ut frå ein ambisjon om responstid. Korleis vi skal gjere dette framover er ting som vi kartlegg no, seier Rise.

Politidirektoratet, Elisabeth Rise, seksjonssjef

Elisabeth Rise er politioperativ seksjonssjef i Politidirektoratet

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Rise vil uansett ikkje seie at politiet er bakpå.

– Vi er nøydde til å velje ut nokre område som vi prioriterer ut frå trugsmål som kan treffe oss. Så må vi akseptere at nokon gong kan situasjonen snu seg til noko anna, og vi må reagere ut frå den situasjonen vi har no.