Til lykke med dagen, kong Harald!

Møre og Romsdal minnest med glede mange besøk av kong Harald og dronning Sonja. Her finn du fødselsdagshelsingar frå unge og gamle, private kongebilete og fjernsynsreportasjar frå kongens besøk i fylket. 

Kong Harald på Rovde etter orkanen i 1992
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

 

Fjernsynsreportasjar

Frå fjernsynsarkivet vårt har vi funne fram reportasjar om fire gonger Harald har besøkt Møre og Romsdal som konge.

1991: Signingsferda

På ferda langs kysten i samband med signinga i Nidarosdomen besøkte kongefamilien Ålesund den 24. juni. Her var dei med på morgonsong med barnekor i Ålesund kyrkje, på taket av Fjellstua var Joachim Rønneberg omvisar horisonten rundt, og i Rådhuset fekk kongen og dronninga som gåve frå fylkeskommunen måleriet "Fjordlandskap" av Ørnulf Opdahl. Det var ei tydeleg rørt dronning Sonja som takka for gåva.

  Signingsferd 1991

 1992: Etter orkanen

Det som mest har festa seg i minnet hos folk i Møre og Romsdal, er nok kongens besøk 8. januar - i boblejakke og gummistøvlar - hos nokre av dei som fekk oppleve herjingane til orkanen første nyttårsdag.

Dei første fekk kongen møte i Rådhuset i Kristiansund, så gjekk ferda til Bådalen på Averøya og til Fræna, og til slutt til Rovde, den bygda i fylket som blei verst råka av orkanen.

  Etter orkanen 1992

1993: Sølvbryllaupsferda

I denne fjernsynsreportasjen er vi med kongen, dronninga og dei 40 gjestene deira til fjellgarden Skageflå i Geirangerfjorden. Kongelege gjester frå mange land midt i ein kongeleg natur, akkompagnert av kunstnarane Linda Øvrebø, Arve Tellefsen og Knut Buen.

  Silvercruise 1993

2006: Kroningsjubileet

Her er vi med kong Harald og dronning Sonja i Kristiansund, ein del av reisa dei gjorde til minne om kroningsreisa til kong Haakon og dronning Maud i 1906. I juni 2006 var det ikkje minst barn frå Kristiansund og Frei som fekk møte dei kongelege.

  Kroningsferda 2006

 

Glimt frå dagens radiosendingar

Kongens fødselsdag blei også markert av lyttarar som ringde formiddagssendingas svartelefon "Ærleg talt".

Barn syng gebursdagssong for kongen

Otto Berg helsar og takkar kongen på dagen

 

Mitt kongebilete

Vi har bedd nettbrukarane våre om å sende oss foto av møte med kongen. Førebels har vi fått desse, men vi vil gjerne ha fleire. Send bileta som e-postvedlegg: Kongebilete

 

Signingsferda i Ålesund 1991
Foto: Bente Ellingsen

Bente Ellingsen i Ålesund skriv:

Jeg vil gjerne dele noen kongebilder med dere. De ble tatt 24/6-1991, da kongeparet var på signingsferd langs kysten. Jeg sto i krysset ved Arbeideren og Hellebroa, og var da så heldig å få kong Harald og dronning Sonja ganske så tett innpå meg. Resultatet ser dere her! Den lille gutten som dere ser i framgrunnen på bildet av kong Harald, har nettopp gitt kongen den flotte selvplukkete buketten med blomster. Tenk for en opplevelse! Han kom fra en barnehage, de sto oppstilt i første rekke for å få se, og han kom fra Storhaugen barnehage. Selv husker jeg datoen veldig godt, skulle gifte meg senere samme uke, og visste ikke om jeg kunne ta meg tid til å reise til byen, da jeg bor på Ellingsøya. Og regnet gjorde det og! Men dere ser, jeg angrer ikke idag for at jeg reiste, -- det er blitt noen av mine flotteste minner! Jeg har flere bilder og, men dette er de som var nærmest de kongelige!

*****

Ansgar Misund frå Vestnes har sendt oss desse to:

 

Kongeparet i Vestnes
Foto: Ansgar Misund

 

 

Kongeparet i Vestnes
Foto: Ansgar Misund