Sjå heile gåvelista nederst i saka.
– Vi prøver å gjere det klart at vi ikkje har bindingar til nokon, seier kong Harald til NRK.
Den nye praksisen blei innført i mars i fjor, men fyrst no er kongehuset klar til å fortelje om det.
– Vi har starta på dette arbeidet og jobbar internt for å vere sikre på at alt av rutinar er på plass. Det er kongefamilien som har bestemt at dei tek ikkje imot private gåver frå kommersielle aktørar, seier hoffsjef Gry Mølleskog.
- Les også:
Sjå programmet «Arven» om kongefamilien på NRK1 19.45. torsdag.
Mykje strengare reglar
Det er i samband med NRK serien "Konge og dronning i 25 år" at kong Harald og hoffsjef Mølleskog opnar opp om utfordringane knytt til gåvene medlemmer av kongefamilien får.
– Det er viktig for kongehuset at vi prøver ikkje å ha bindingar. Dette med gåvesituasjonen arbeider vi hardt med. Det er ganske komplisert, faktisk, seier kong Harald.
GÅVER: Det er vanleg at statsbesøk kjem med gåver til kongefamilien. Her er det statsminister Dimitrij Medvedev i Russland som deler ut gåver.
Foto: Åserud, Lise / Scanpix– Dette er eit eksempel på at kongehuset har endra seg samstundes med at samfunnet har endra seg. Tidlegare var det heilt ok å ta imot gåver i ulike posisjonar der det i dag ikkje er rett å gjere det. No er det mykje strengare reglar. På same måte har vi endra oss og innført ein ny praksis, seier hoffsjef Gry Mølleskog.
I tillegg til gåvestopp, offentleggjer familien no ei oversikt over gåver dei tok imot siste halvår i fjor. På lista over gåver verd meir enn 1000 kroner er dei fleste bøker, bilete og minne mottekne i samband med offisielle reiser og oppdrag. Helsingar frå andre lands ambassadar er også ein gjengangar på lista.
Men gåveregisteret viser også at kongeparet til jul i fjor tok imot gåve frå kjøpmann Stein Erik Hagen.
– Det har vore ein tradisjon i alle år. Kongeparet tok imot også denne gangen, men det vil bli gjort ei ny vurdering av om dette er rett til jul i år, forklarer
DISKUTERT: Denne Valentinoveska har fått mykje merksemd. Kronprinsesse Mette-Marit skal ha fått den i gåve frå motehuset.
Foto: NRKkommunikasjonssjef Marianne Hagen.
Det er fleire gongar stilt spørsmål om kongefamilien lar seg bruke i kommersielt.
I 1998 sa kongen ja til at prinsesse Märtha Louise fekk disponere ein hest verd 8 millionar kroner betalt av kjøpmann Stein Erik Hagen.
Same vår opna kongen eit varehus med rimibutikk under statsbesøk i Riga.
Året før hadde kongen teke imot ein 40 fots regattabåt i 60 årsgåve frå 25 rike næringslivstoppar.
- Les også:
Valentino-veske
Dei siste åra er det kronprinsesse Mette-Marit som er skulda for la seg bruke.
Fleire gongar har pressa skrive om kostbare gåver. I 2010 skreiv Se og Hør at ei kjelde i motehuset Valentino hadde stadfesta at kronprinsessa hadde fått ei eksklusiv veske verd 10.000 kroner i gåve frå dei. Veska hadde initialane MM skrive i gull.
KJOLAR: Kronprinsesse Mette-Marit har fleire gonger fått motbør for kjolane ho brukar.
Foto: Scanpix / AFPDen danske forfattaren Jens Høvsgaard stilte i 2013 spørsmål kring kvar kronprinsesse Mette-Marit fekk alle dei dyre kjolane sine frå. Han skreiv i NRK Ytring:
Når det norske kronprinsparet reiser på elleve dagars luksusferie på den karibiske øya St. Barts, og betaler 47 000 kroner i døgnet for det, så er vekepressa på pletten med reportasjar om det sorglause strandlivet. Men kvifor er det ingen aviser som held seg kritiske til at paret frå Skaugum på to korte veker svir av eit beløp som svarar til ei norsk politiløn?
Og kvifor set ingen seg ned for å undersøkje om det kongelege paret sjølv har brukt kredittkortet, eller om dei, slik deira danske kollegaer har for vane, har latt andre betale for gildet? Og kva med Mette Marits Pucci, Gucci og Valentino-antrekk til opp mot ein kvart million kroner stykket? Har ho betalt for dei sjølv? Kvar er dei i så tilfelle bokført i årsrekneskapen frå det norske hoff?
STOPPA LEVERANDØR: Noko av det fyrste kong Haakon innførte var regelen om at det ikkje skulle vere kongelege hoffleverandørar i Norge.
Foto: NRKSame året stadfesta kommunikasjonssjef Marianne Hagen ved det kongelege hoff at kronprinsessa har takka ja til kostbare gåver.
– Noko blir kjøpt til full pris, noko er gåver, noko får ho med rabatt og mykje kjøper ho på sal, sa Hagen den gong.
Verken Hagen eller hoffsjef Mølleskog vil gå nærare inn på kva kronprinsessa har fått i gåve, berre at omfanget ikkje er så stort som pressa har gitt inntrykk av.
Men no er det altså slutt på kongeleg gåvedryss.
- Les også:
- Les også:
Sender gåver i retur
– Når vi får gåver sendt til hoffet, så sender vi det tilbake igjen, seier Gry Mølleskog.
– Og viss det kjem ein flott kjole?
GOD BASIS:- Det kong Harald gjer no har god basis i det fundamentet kong Haakon la då han grunnla den norske kongefamilien, seier Tor Bomann-Larsen.
Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX– Då blir han sendt i retur. Og det har vi gjort. Vi har sendt ski, vi har sendt andre ting og takka for det, og sagt at dessverre tek vi ikkje imot kommersielle gåver.
– Har kritikken om at kronprinsessa har vore salsplakat for internasjonale motehus vore med i den vurderinga?
– Alle argumenta som har vore lagt på bordet har vore med. Vi har kome til det punktet at vi ønska, på bakgrunn av diskusjonar og at samfunnet har endra seg, å seie nei til desse private kommersielle aktørane, seier hoffsjefen.
Gåver og helsingar frå privatpersonar og organisasjonar utan kommersielle interesser er framleis velkomne på slottet.
– Det er ein lang og god norsk tradisjon at kongefamilien får gåver frå heile det norske folk. Vi har fantastiske genserar og sokkar som blir brukt og som familien er veldig takknemlege for, seier Gry Mølleskog.
- Les også:
- Les også:
– Hold distansen
– Kongehuset er alltid utsett for press. Noko av det fyrste kong Haakon innførte var regelen om at det ikkje skulle vere kongelege hoffleverandørar i Norge. Det var eit radikalt grep i 1905, seier Tor Bomann-Larsen, forfattar av biografien om Kong Haakon.
Kong Haakon kom frå det danske kongehuset, og dei har framleis hoffleverandørar.
Den andre regelen var at han ikkje skulle ikkje kjøpe aksjar i norske selskap. Bodskapen var; hold distansen. Men det kommersielle trykket har alltid vore der mot kongehuset.
– Det kong Harald gjer no har god basis i det fundamentet kong Haakon la då han grunnla den norske kongefamilien, seier Bomann-Larsen.