Hopp til innhold

Kokk meiner meir suppe kan føre til mindre matsvinn

Kvar femte pose mat nordmenn kjøper hamnar i søpla. Kokken Milan Ilic trur mat med skei kan vere med på å løyse problemet.

Fire fargeriker supper i hvite tallerkner

MEIR SUPPE: Kokken Milan Ilic meiner nordmenn må bli flinkare til å lage suppe av matrestane.

Foto: NRK / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sidan byrjinga av 70-talet har Milan Ilic jobba i restaurantbransjen. Han har vore kokk både i Sverige og Noreg. No er han pensjonert, men vil gjerne dele råd for å hindre matsvinn.

Og det er spesielt éin type matrett han meiner kan vere effektiv mot søppelbøtta:

– Du kan lage suppe av alt, det er berre fantasien som kan stoppe oss, seier han engasjert.

Milan Ilic viser fram hvordan han og kona sorterer i kjøleskapet.

Milan Ilic og kona liker å ha system i kjøleskapet, slik at dei har kontroll på maten.

Foto: Eline Håker / NRK

Ilic meiner suppe er ein enkel matrett som kan vere med på å redde dei små restane i kjøleskapet. Han dreg fram restar av lammekjøtt saman med grønsaker som døme på ingrediensar som kan bli til suppe.

– Det er lett å koke mat og ete med skei, seier han.

Kvar femte handlepose i søpla

I Noreg blir det kasta omkring 450.000 tonn etande mat kvart år. Regjeringa og matbransjen har lova å halvere matsvinnet innan 2030.

– Kvar femte handlepose vi kjøper går i søpla, seier Ingrid Kleiva Møller, som er fagansvarleg for berekraftig mat i Framtiden i våre hender (FIVH).

Ho meiner planlegging er viktig for å minke matsvinn.

Spontankjøp driv svinn. Planlegg innkjøpa dine, lag ein vekemeny, og hugs ein restedag, seier ho.

Ingrid Kleiva Møller

Ingrid Kleiva Møller i Framtiden i våre hender trur matsvinn både er eit strukturelt problem og eit velferdsproblem.

Foto: Knut Neerland / Framtiden i våre hender

Jobbar med matkastelov

Likevel meiner Kleiva Møller at problemet hovudsakleg er strukturelt.

Mat har ein låg pris i Noreg. Det gjer at det kostar lite for forbrukarar, industrien og daglegvarebutikkane å kaste mat, seier ho.

Sidan februar har Kleiva Møller vore med i eit matsvinnutval som jobbar med å utvikle matkastelova. Ei lov miljøorganisasjonen lenge har jobba med.

– Viss vi skal få med alle på å kutte matsvinn og til å kutte nok, treng vi lovregulering, meiner ho.

Les også Nå starter arbeidet med matkasteloven: Vil vurdere større rabatt på mat nær utløpsdato

Laks med dagens utløpsdato på tilbud.

Utvalet skal levere resultatet 31. desember, og består av ulike aktørar i matbransjen. NHO Service og handel, Norges bondelag og Matsentralen Norge er blant aktørane som sit i utvalet.

Matglede er alfa og omega

I tillegg til at suppe kan redde middagsrestar, meiner Ilic det er ein matrett der ingrediensane blir utnytta i stor grad.

– Viss vi skal ete kokte poteter og grønsaker, heller vi ut vatnet i vasken. Då kastar vi krafta frå grønsakene, seier han.

Milan Ilic har vært kokk i flere tiår.

Då Ilic voks opp, laga faren alltid ein vekemeny til familien. Dette trikset har kokken sjølv brukt mykje i sitt liv.

Foto: Eline Håker / NRK

Kokken Milan Ilic meiner likevel matglede og planlegging er det viktigaste for å hindre matsvinn. Sjølv om han forstår at mange har det travelt i kvardagen, oppmodar han folk til å setje av litt tid til måltida.

– Ete og laga god mat, det er alfa og omega. Det er det som er helsa vår, seier han engasjert.