Hopp til innhold

Testar stadig fleire

Fleire stadar i landet kan ein no sjå smitteoppblomstringar frå folk som er smitta av koronaviruset. Helse Møre og Romsdal seier dei er godt førebudd på at nye smittetilfelle også kan komme hit til fylket. Administrerande direktør i helseføretaket, Øyvind Bakke, seier dei testar folk hyppigare no, for å oppdage eventuelt ny smitte. – Vi er på eit kritisk punkt der mange kjem heim frå ferie og folk reiser rundt. Vi har god kapasitet på testinga og testa rundt 500 kvar dag førre veke. Det er betydeleg meir enn veka før, seier Bakke.

Øyvind Bakke
Foto: Helse Møre og Romsdal