Hopp til innhold

Terrengbrann nær Spjelkavik kyrkje

Politiet melder om ein liten brann i terrenget i nærleiken av Spjelkavik kyrkje. Eit område på rundt 20 kvadratmeter har tatt fyr, men brannen blei raskt sløkt. Politiet gjer no undersøkingar på staden. – Vi har så langt ingen mistanke om at brannen er påtent. Men vi vil gjere ekstra undersøkingar fordi det tidlegare har vore fleire branntilløp i dette området, seier Jan Helge Kjøl, operasjonsleiar i politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL