Frå Tornado
Geir Televik debuterte for Hødd i 1993-sesongen. Han kom frå Måløy-klubben Tornado. Han spelte for Hødd fram til og med 1996-sesongen før han var to år i Molde for det meste som innbyttar. I 1998 vart han utlånt til Hødd i ein fem-kamparsperiode, og i 1999 var han tilbake i klubben. Mot slutten av den sesongen der Hødd rykte ned var han også utlånt til Aalesunds Fotballklubb.
Det vart aldri ein permanent overgang til rivalen i byen, og Televik har etablert seg i Hødd-trøya for godt. Ifjor hadde han ein av sine aller beste sesongar.
Ryggskade
Ein ryggplage har trua fotballkarrieren til 31-åringen, og sette han ut av laget i opningskampane i 1.divisjon i år. Men mot FFK søndag var han på plass igjen. Dersom ryggen ikkje har slått seg vrang igjen spelar Televik sin A-kamp nr. 300 for Hødd i cupkampen onsdag på Høddvoll.
Storscorar
Geir Televik har tatt toppscorartittelen i klubben fire gongar, seinast i fjor. Han vart toppscorar i 1993, 1995, 1996 og 2002. PÅ sine 299 A-kampar har han scora heile 147 mål for klubben.