Hopp til innhold

Tårer etter nedleggingsmelding

- At avdelinga på Stranda skulle bli lagt ned hadde vi ikkje venta, seier tillitsvald Kåre Fjørstad.

Mellom dei tilsette ved Ekornes-fabrikken på Stranda kom det mange tårer i ettermiddag. Då vart det kjent at fabrikken med sine 67 årsverk kan bli nedlagt .

- Sjokkprega

Reaksjonane var prega av sjokk, seier hovudtillitsvald i Stranda, Kåre Fjørstad.

- Ein del av oss hadde nok venta at noko var i emning, men at det skulle gå til så drastiske tiltak som å legge ned avdelinga på Stranda var det nok ingen som forventa, seier Fjørstad.

Ektepar mister jobben

- Dette har vore ei solid bedrift, her er mange flinke tilsette som har vore her i mange, mange år, fortel han.

- Her er også fleire ektepar som mister jobben, og dette er veldig vanskeleg akkurat no. Men dette er som sagt ei skisse som leiinga har lagt fram, og vårt fokus no er å få flest mogleg tilsette til å arbeide vidare i konsernet, seier Fjørstad.