Hopp til innhold

Tagga ned fjellet med måling

Arrangørane bak eit motbakkeløp har gått laus på høgfjellet med måling i knallfargar. Skjemmande, seier friluftsrådet.

Merking av Saudehornet

Dette er råsa opp til fjellet Saudehornet, der høgdemeterane er merkt med måling.

Foto: Trude Nordal

Å gå seg vill på fjellet Saudehornet i Ørsta er nærast umogleg. Sterk blåfarge er måla rett på fjellsidene. Sidan friluftsinteressa har eksplodert dei siste åra, er det fokus på merking av stiar, men Christer Lundberg Nes i Sunnmøre friluftsråd, er ikkje imponert over måten det har blitt gjort på i Ørsta.

– Dette er unødvendig og blir ikkje ein fin del av turopplevinga, seier Nes. Han meiner merkinga er skjemmande.

Det finst klare retningsliner for korleis merking i naturen skal gjerast. Merkinga bør vere skånsam, ikkje for mykje og den skal vere mogleg å fjerne.

Merking på Saudehornet

Ein annan stad i Ørsta finn ein også eksempel på merking med måling. Ørsta idrettslag seier at dei ikkje har ansvar for all merking. Blant anna denne steinen her..

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Går amok med skilt

Christer Lundberg Nes

Christer Lundberg Nes i Sunnmøre friluftsråd meiner merkinga til Saudehornet er skjemmande.

Foto: Terje Reite / NRK

Kvar sommar vert det arrangert motbakkeløp på Saudehornet og det er grunnen til all blåmålinga.

Nes meiner at ein heller bør bruke merking som kan fjernast etter løpet.

– Slik som det er no, blir spraymålinga verande der heilt til ver og vind slit bort målinga, seier Nes. Han ser også mange stader at dei som merkar råsene brukar altfor mange skilt. Merkinga kan vere både tett og unødvendig.

– Dersom stien er to meter brei og tydeleg som ein motorveg, treng ein ikkje merke kvar 10. meter, seier Nes.

Han får støtte frå Bente Bjørndal, som er leiar i trimgruppa i Ørsta. Ho er fortvilt over overdreven merking med skilt og måling på gode råser.

– Noreg ser snart ut som eit fargekart i fjellet, seier Bjørndal.

Merking på Saudehornet

Ved ein bekk på veg til Saudehornet står det med måling at ein må fylle opp vatn.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

LES OGSÅ:

Uheldig merking

Ørsta idrettslag er ein av arrangørane av motbakkeløpet Saudehornet opp. Styreleiar Erlend Andersen, er samd i at merkinga ikkje burde vere slik.

– Dette er uheldig. Her er det nokon som har tatt seg fridom og sett på merkinga som ein god ide utan å få beskjed frå arbeidsgruppa, seier Andersen. Han trur likevel ikkje at arrangørane av motbakkeløpet skal ha skulda for all merkinga med måling.

Rekordstor interesse

Endre Kleiveland

Endre Kleiveland i DNT meiner det er større bevisstheit rundt merking av stiar.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Den Norske Turistforening (DNT) har aldri hatt fleire medlemmar. Dei ynskjer at flest mogleg skal ut på tur og då må stiane vere tilrettelagt. Dei meiner at det har blitt større bevisstheit rundt merking dei siste åra.

– Vårt syn er at det i all hovudsak er mykje positivt som skjer rundt rettleiing i naturen, seier Endre Kleiveland. Han er rådgjevar for friluftsliv i DNT og vil ikkje kommentere merkinga av Saudehornet.

Kleiveland meiner det er viktigast å tilpasse merkinga etter terrenget og kor eksponert ruta er.

– Er stien i skogen tydleg, krevst det ikkje mykje merking. I ur på fjellet blir stien fort usynleg, og då er det behov for tydleg og god merking. Då er vardar effektivt, seier Kleiveland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL