Veronika Liabø Johansen
Foto: privat

Når turen blir eit moteshow

Aldri før har nordmenn kjøpt så mykje friluftsutstyr. Galskap, meiner erfarne fjellfolk.

Er du av dei som for lengst har kjøpt ryggsekk med integrert drikkesystem og som har skalljakker i ulike fargar, tekniske trøyer og tightsar i varierande lengder?

Du er i godt selskap.

Veronica Liabø Johansen

Veronica Liabø Johansen går på topptur så ofte ho kan. Ho likar å kjøpe treningsklede og rosa er favoritten.

Foto: privat

Veronica Liabø Johansen (29) jobbar på treningssenter og eig meir sportsklede enn folk flest. Ho brukar all si fritid på fjellturar og har minst fem skalljakker, fem boblejakker og rikeleg med sko i forskjellige fargar.

– Du må gjerne prøve litt før du finn kva klede du likar aller best. Det er jo ulike kvalitetar og pusteeigenskapar, seier 29-åringen, som har gode avtalar med ei sportsforretning. Ho har ikkje dårleg samvit for å kjøpe så mykje treningsklede. Kleda blir brukt mykje, og det ho ikkje brukar, gir ho bort.

– Det handlar om prioritering. Eg hadde fått dårleg samvit dersom eg kjøpte sminke og høge hælar, men dette er utstyr eg brukar kvar einaste dag, seier Johansen.

Ler av sløsinga

Utanfor to bilar på ein parkeringsplass ved Høgskulen i Volda sit to glade studentar og nyt sommarens siste solstrålar. Carl Røper (22) og Egil Løkken (23) tek seg ikkje råd til å bu på hybel og campar difor året rundt i bilane sine. Dei to er 2. årsstudentar på friluftslinja og tilbringer store delar av året ute i naturen. Dei kan ikkje anna enn å le av alle godt vaksne nordmenn som har fått augane opp for livet utandørs og trur dei må betale tusenvis av kroner i utstyr.

Carl Røper ser mange menn i 40-åra med Norrøna-klede frå topp til tå, som han mistenker dei kanskje berre brukar ein gong. Dyrt skiutstyr er også ein gjengangar.

– Det er bortkasta pengar, men bra for oss som ikkje har så god råd. Folk sel ofte utstyret sitt etter ein sesong eller ein tur, seier Røper. Bak i bilen ligg fjellsekken og kleda klare til neste tur. 23-åringen har utstyr som er godt nok, men som ikkje kostar meir enn han har råd til. Studenten har kjøpt brukt surfebrett, sko og fiskeutstyr.

– Eg tenkjer at folk har ikkje peiling. Det er sikkert for å ta ein selfie med knæsje fargar, smiler Røper.

Klassekameraten og parkeringsplass-naboen, Egil Løkken, kjenner seg godt igjen. Også han har bygd seng i bilen og utstyrt seg med primus til matlaging, for å spare pengar. Fjelljakka hans er arva og nesten ikkje brukt. Han fekk den frå mora, som ikkje er spesielt friluftsinteressert, men som likar å kjøpe skalljakker i ulike fargar, Faren spøker med at ho minst må ha 50 ulike variantar.

–Motejaget som ein har over alt elles, finst også i friluftslivet. Det er fint at folk kjem seg ut, men det er ikkje positivt med kjøpepress, seier Løkken.

Carl Røper og Egil Løkken

Carl Røper og Egil Løkken studerer friluftsliv. Dei bur i bilane sine for å spare pengar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Plutseleg skulle alle ut

Til alle tider har nordmenn brukt naturen. Fjellgåing, fisking, skiturar og sykling. Men dei siste to åra har det vore endå meir synleg. Cato Slinning på G-max i Ålesund er omgitt av store hyller med fjellstøvlar, jaktutstyr, fargerike soveposar og turmat. Han seier at i fjor var dei ikkje heilt var budde på den aukande friluftsinteressa og marknaden klarte nesten ikkje følge med. Interessa er like stor i år. Mange av kundane skal ut på tur for første gang, og treng telt, soveposar, liggeunderlag og klede.

– Det hadde vore artig å vite om folk faktisk brukar telta dei kjøper meir enn ein gong. Det veit vi ingenting om, seier Slinning. Han opplever at kundane har eit sunt fokus på utstyr, og at dei er opptekne av at det dei kjøper, skal vare. At det også er ein mote på tur, er Slinning klar over.

– Det er vel ikkje alle som har behov for kompresjonstights, seier Slinning.

Cato Slinning

Cato Slinning ved G-max i Ålesund opplever at mange som aldri har vore aktive i friluftslivet, no kjem innom og skal kjøpe utstyr.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sportsklede på jobb

At friluftsliv er trendy merkar også sportskjeden XXL. Dei ser tydeleg at fleire nordmenn held seg heime med dagens valutasituasjon, og heller brukar naturen i heimlandet i staden for å dra utanlands.

– Vi er heilt i verdstoppen når det gjeld sportsutstyr, så nokre av oss har heilt sikkert mykje utstyr, men det er jo fordi vi er svært fysisk aktive, seier pressetalsmann Tolle Grøterud. Han synest det er positivt at folk faktisk kjem seg ut. Han ser at mange også kjøper fjellklede og joggesko som dei går i på jobben.

– Vi er inne i ein dress sporty-periode også, seier Grøterud.

Sportskjedene vil ikkje ut med tal, men dagleg leiar i Sportsbransjen AS, Bård Kristiansen, seier at bransjen hadde ein auke på friluftsutstyr på mellom 10 og 15 prosent i 2015. Det er venta ein stor auke i år også.

– Sportskjedene melder om kraftig vekst i sal av klede, sko og utstyr til friluftsliv i sommar, seier Kristiansen.

Galskap for miljøet

Therese Moe Øye

Therese Moe Øye har blitt flinkare til å vurdere kva utstyr ho eigentleg treng, før ho kjøper.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Idylliske Åmdalen i Ørsta på Sunnmøre er omgitt av høge fjell. På trappa i det gamle huset der Therese Moe Øye (35) bur saman med kjæraste og fire born, står fjellskoa klare til tur. Det er ikkje få mil dei grå skoa har gått. Øye har vore flittig brukar av naturen heile livet, på padleturar, fjellturar og skiturar. Ho hugsar ikkje nøyaktig kor tid ho starte å sette spørsmålsteikn ved kjøp av alt fritidsutstyr.

– Eg er ingen super-asket. Eg har det eg treng av støvlar, telt og sekkar, men valde å ta grep for nokre år sidan i forhold til korleis eg handlar og kva eg kjøper, seier Øye. Det betyr at før ho gjer innkjøp av fritidsutstyr, vurderer ho kva behovet er og kor mykje det skal brukast. Ho kjøper også som regel brukt.

Kajakken som ligg i det høge graset, er eit døme. Det kunne ha ligge fleire kajakkar i i hagen, sidan borna også er med på padleturar, men familien vart samde om at borna heller kan låne. Dei brukar ikkje kajakk så ofte som Therese.

– Det var i grunn galskapen det påfører miljøet, som gjorde at eg starta å tenkje i andre bane. Ein del av utstyret er ikkje spesielt miljøvenleg, verken i produksjon eller som avfall. Det er sprøtt å sjå kor mykje som endar på søppelhaugen, seier Øye. Ho kjøper ikkje nye fjellklede før dei er oppbrukte, og sørger for å ta av gode glidelåsar og hetter. Ho klipper også ut heile bitar av dei gamle skalljakkene, som blir til vottar.

I dag får kajakken ligge og det er fjellskoa som får bli med på tur. Med lette steg går turen oppover til den vesle toppen Åmdalsnipa. Kleda ho har på seg er dei same ho brukte på jobb tidlegare i dag.

– Til denne turen treng ein ikkje anna enn føter å gå på og vanlege klede, seier 35-åringen.

Ofte møter ho andre turfolk med avanserte klede som nærast kan brukast på Nordpolen. Å døme andre er ho likevel forsiktig med.

Folksomt på Lauparen i Ørskog

Å gå på fjellet har blitt ein folkesport. Dette biletet er frå fjellet Lauparen i Ørskog.

Foto: Jostein Opskar

– At folk brukar gode, funksjonelle klede forstår eg godt. Og når eg møter folk på små toppar med fancy jakker, er det lett å døme og tenkje kva folk skal med så dyre klede ein fineversdag. Men vi veit jo ikkje om same klede vert brukt i februar også og om dei berre har ei jakke, seier Øye. Likevel trur ho ikkje at det folk kjøper alltid harmonerer med behovet.

Nordmenn har mest utstyr

Ingunn Grimstad Klepp

Forskar Ingunn Grimstad Klepp seier at grunnen til at mange har så mykje friluftsutstyr er at det har blitt spesialisert.

Foto: Grethe Kielland Jenssen / NRK

Ein rapport frå Forbruksforskingsinstituttet viser at nordmenn er på topp i Europa når det gjeld utstyr til friluftsliv, fordi dette er ein aktivitet som svært mange deltek på eller har lyst å vere med på.

– Vi har ein låg terskel for å bruke pengar på friluftsutstyr fordi det har ein høg verdi i samfunnet. Vi betraktar det som riktig, sunt og fornuftig forbruk fordi det støttar opp om aktivitetar som vi ser på som sunne, seier forskar Ingunn Grimstad Klepp.

Ho trur grunnen til den formidable auken av utstyr er fordi mykje har blitt spesialisert. Eit døme er skiutstyr, der det finst mange ulike typar alt etter om dei skal brukast bortover, nedover, på topptur eller i skiheisa. Også klede og joggesko har blitt spesialisert.

– Det negative er at inngangsbilletten for å delta er høgare. Ein må ha pengar og kunnskap for å delta på aktivitetane. På den andre sida har spesialiseringa bidratt til at aktivitetane er meir lystbetonte, seier forskaren. Det er enklare å dra på telttur no enn det var før. Det er også enklare for folk flest å gå på toppturar på ski.

Klepp peikar på miljøbelastninga utstyret medfører.

– Det kan hende vi må byrje å reagere mot unødvendig spesialisert utstyr. Eg tenkjer spesielt på det med utstyr til barn som er retta mot kjønn, som gjer det vanskelegare å arve, seier Klepp.

Stig Løland

Høgskulelektor Stig Løland seier at skulen er oppteken av at studentane skal få mest mogleg kunnnskap om friluftslivet og ikkje mest mogleg utstyr.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Går i kø på fjellet

Ikkje langt frå parkeringsplassen i Volda, der dei to studentane sit og planlegg dagens middag, sit høgskulelektor Stig Løland på kontoret og planlegg skuleveka. Berre dei beste studentane har fått plass på friluftslinja. Dei siste åra har det vore ei enorm interesse for studiet. Den aktive lektoen ser at også at friluftsinteressa har eksplodert blant folk flest.

– På ein vanleg dag på eit fjell på Sunnmøre har det gått frå å vere berre nokre få folk på tur, til enorme mengder. Det er jo parkeringsproblem og folk går i kø. På dei mest kjende toppane kan det vere travelt, seier Løland.

Han ser også at folk har meir utstyr og dyrare utstyr på tur.

– Utstyret er meir spesialisert, så folk har jo fem par ski til ulike aktivitetar, seier lektoren.

At vi har dyrt friluftsutstyr er berre naturleg, når alt anna vi eig er dyrt, trur han. Mange vert freista til å skifte ut skalljakka når det stadig kjem nye fargar og Løland trur verstingane er godt vaksne folk som har pengar til det dei vil.

– Det er jo ei motsetning her. Ein skulle tru at dersom vi er glad i å bruke naturen, skulle vi også vere glad i å verne naturen, seier Løland.

Sit i glashus

Skulen fokuserer på at studentane skal ha solid utstyr som varer lenge, med eit avgrensa budsjett.

– Eg seier til mine studentar at det viktigaste er kva du har mellom øyra, og ikkje det du har i sekken, seier lektoren. Han synest temaet er vanskeleg, fordi han som friluftsmann og lærar er ein del av det sjølv.

– Vi kjøper jo utstyr sjølv og har avtalar med leverandørar. Vi går rundt som dårlege eksempel. Det blir som å kaste stein i glashus, seier Løland.

Lykkekjensle

På Istad i Molde gjer Veronica Liabø Johansen seg klar til å gå 1500 høgdemeter. Dagens antrekk består av ulltrøye, shorts og goretex fjellsko. I sekken ligg både vindjakke og boblejakke. Alt er sjølvsagt i rosa, som er favorittfargen.

– Å vere ute i fjellet gir meg ei lykkekjensle. Eg får lada batteria, samla tankane og sleppe all støy, seier Johansen.

Ho forstår at enkelte er bekymra for korleis utstyrsjaget påverkar miljøet, men trur problemet gjeld i heile samfunnet og ikkje berre i friluftslivet.

– I det store og heile er det kanskje ikkje plagga eg kjøper som betyr noko, seier 29-åringen.