Hopp til innhold

– Eit fall på Slogen kan vere fatalt

Etter ein tur på Slogen, er Jan-Gunnar Hole sjokkert over kor risikofullt fjellet er samanlikna med korleis turistforeininga omtalar det. – Det er heilt utruleg at det ikkje har skjedd store ulykker der, seier den erfarne fjellgåaren.

Jan-Gunnar Hole

Leiar for Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, Jan-Gunnar Hole gjekk nyleg på sin fyrste tur til Slogen saman med familien, men vart sjokkert over det som møtte han på toppen.

Foto: Privat

Jan-Gunnar Hole gjekk nyleg på Slogen i Ørsta for fyrste gong saman med familien. Slogen (1564 m.o.h.) er merka som ein krevjande tur, men Hole vart likevel sjokkert over det som møtte han på toppen.

– Medan eg stod på toppen av Slogen såg eg to personar som hald på å ramle ned. Det var på nippet før det gjekk gale. Mange var nervøse og nokre skalv i redsel når dei var på veg ned frå toppen.

– Å skli kan vere fatalt

På Ålesund- Sunnmøre turistforeining sine nettsider kan ein lese om Slogen. Hole som er leiar for Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, meiner at omtalen av fjellturen bør oppdaterast.

– Turen er merka som krevjande, men det står ingenting om at det er ein risikoeksponert tur. Opp mot toppen er det veldig bratt, dersom ein sklir der, kan det vere fatalt, meiner han.

– Godt nok merka

Åsmund Steen

Åsmund Steen i Ålesund- Sunnmøre Turistforening, meiner dei har omtalt Slogen tydelig nok på deira sider.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Åsmund Steen i Ålesund – Sunnmøre turistforeining, meiner at turen er merka godt nok på deira sider.

– Folk får lese kva som står der, og deretter velje å gå etter evne. Det er fullt mogleg å snu dersom ein ikkje kjenner seg trygg, seier Steen.

Kvifor har de ikkje skreve at det er ein risikoeksponert tur?

– Ein kan skli og ramle på mange fjelltoppar, men dersom vi skal merke alt som risikofullt, kan vi liksågreit la vere å omtale dei ulike fjellturane, seier han og held fram,

Fleire tusen besøker Slogen i året og det skjer knapt nok ulykker der.

– Ikkje for små barn

Tur til Slogen

Hole tok med seg borna på Slogen-turen, men vil ikkje anbefale andre å ta med seg barn utan ekstra sikreutstyr.

Foto: Privat

På turistforeininga sine sider står det at turen passar for barn. Hole vurderte ein Slogen-tur i fjor saman med sonen på sju år, men meiner no at turen ikkje passar for så små barn.

– Det har nesten gått sport i å ta med små barn i ung alder på store fjelltoppar. Eg er glad for at eg venta eit år til. Sonen min er no åtte år, men eg hadde med tau slik at eg kunne sikre han på bratte parti.

Steen fortel at dei får mange spørsmål om turen passar for barn, og at dei difor har valt å skrive det på nettsida.

– Mange barn går på Slogen og det har alltid gått bra. Vi kan likevel endre på akkurat det, seier Steen.